Undersøk prissetjinga til flyselskapa - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Undersøk prissetjinga til flyselskapa

I denne oppgåva skal de, med utgangspunkt i flyselskap, undersøkje bruken av pris som eit konkurransemiddel. Oppgåva kan gjerast i par, men eignar seg òg til individuelt arbeid.

Oppgåve

  1. Ta utgangspunkt i to til fire ulike flyselskap. Undersøk og gjer greie for dei ulike flyselskapa sin bruk av pris som eit konkurransemiddel.

  2. Finn ut prisforskjellen på nokre utvalde flyreiser med dei ulike flyselskapa, som til dømes ei flyreise frå Oslo til Bergen. Kva tenkjer de om prisforskjellane? Diskuter kva flyselskap de ville ha valt å reise med, og grunngi kvifor.

  3. Reflekter over samanhengen mellom prisnivået og servicenivået til flyselskapa. Her kan de ta utgangspunkt i både eigne erfaringar og tilbakemeldingar de finn på nettet. De kan lese meir om fire ulike typar service i den relaterte artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

Fagstoff
Ulike typar service

Det finst ulike typar service. Vi kan skilje mellom materiellservice, systemservice, personleg service og sjølvservice.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2021