Stordata og digital dataanalyse - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Stordata og digital dataanalyse

Stordata og digital dataanalyse gir verdifull innsikt, noko som gir verksemder fantastiske moglegheiter. I den omfattande nettaktiviteten vår veit vi at vi legg igjen mange digitale spor, men synest du det er greitt at verksemder nyttar seg av desse dataa?

Bruk av stordata for verksemder

Den teknologiske utviklinga går utruleg raskt, og i ei digital verd finst det enorme mengder data, såkalla stordata. Analyse av stordata gir verdifull innsikt for verksemder.

Det finst mange ulike verktøy som blir brukte i digital dataanalyse. Du kan til dømes bruke Google Analytics, Facebook Innsikt og Instagram Innsikt, som alle gir moglegheit til å samle inn og analysere data.

Stordata og digital dataanalyse blir brukt av mange verksemder for få informasjon om ulike målgrupper. Vi kan få informasjon om åtferda til forbrukarar på nett, for deretter å skreddarsy marknadsføringa.

Kva med oss forbrukarar?

Stordata og digital dataanalyse gir altså fantastiske moglegheiter for verksemder. Men kva med oss forbrukarar? Er det greitt at verksemder nyttar seg av desse dataa?

Podkastepisode

I podkastepisoden nedanfor blir Sindre Beyer, som er leiar
i kommunikasjonshuset TRY Råd, intervjua. Podkastepisoden kjem mellom anna inn på tema som omhandlar marknadsundersøkingar, digital dataanalyse og fordelar og ulemper med stordatasanking.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse

Ein podkast om korleis ny teknologi kan hjelpe deg med å finne fram til akkurat rett målgruppe for å selje meir. Vi snakkar med Sindre Beyer som jobbar i Try-huset, eit av Noregs største kommunikasjo...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2021