Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Spørsmål om pris

I denne oppgåva skal du reflektere over og gjere greie for kva som kjenneteiknar pris som eit konkurransemiddel.

Oppgåve

  1. Sjå føre deg ei verksemd som vil satse på pris som det viktigaste konkurransemiddelet sitt. Kva trur du kan vere fordelar og ulemper ved dette?

  2. Gjer greie for dei ulike prisstrategiane, og gi døme på verksemder som nyttar seg av dei ulike prisstrategiane.

  3. Gjer greie for dei ulike prissetjingsmetodane.

  4. Forklar bruken av sjølvkostkalkyle og bidragskalkyle.

  5. Gjer greie for prisdifferensiering og vis til døme.

  6. Gjer greie for prissetjing gjennom produktet sitt livsløp.

  7. Kan du tenkje deg eitt eller fleire produkt som du ville kjøpt nesten uansett pris? Kva for nokre, i så fall?

  8. Kan du tenkje deg eitt eller fleire produkt som du ville ha slutta å kjøpe dersom prisen hadde stige med meir enn 20 prosent samanlikna med prisen i dag?

  9. Skriv eit oppsummerande refleksjonsnotat om kva som kjenneteiknar pris som eit konkurransemiddel.

Relatert innhald

Prisstrategiar

Når ein produsent skal bestemme prisnivået på eit produkt, har bedrifta tre alternativ: høgare, lågare eller same pris som konkurrentane.

Prissetjingsmetodar

Dei vanlegaste metodane for prissetjing er kostnadsbasert, verdi- eller marknadsbasert, konkurransebasert og dynamisk prissetjing.

Sjølvkostkalkylen

Ei produksjonsbedrift sel eigenproduserte varer. Den prisen bedrifta oppnår for vara, må vere høgare enn kva det kosta å produsere vara.

Bidragskalkylen

Ofte er det konkurransen i marknaden som bestemmer prisen på eit produkt. Vi bruker bidragskalkylen til å finne ut om det er ein lønsam pris.

Pris gjennom livsløpet til produktet

Bør prisen på eit produkt vere lik gjennom heile levetida til produktet, altså frå produktet kjem på marknaden, og til det går ut av produksjon?

Prisdifferensiering

Prisdifferensiering vil seie at ei bedrift har ulik pris på same produkt for ulike kundar.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 20.01.2026