Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Presenter ei sak

I denne oppgåva skal de søkje på nettet etter saker der regelverket for marknadsføring er brote. Jobb gjerne i grupper på to til fire personar.

Oppgåve

Utforsk ulike saker med brot av lovverk i marknadsføring. Vel ut éi sak, og presenter denne saka for resten av klassa. Vis til relevant lovverk, og vis til ein eller fleire paragrafar i lovverket som er relatert til lovbrotet.

Diskuter synet dykkar på saka felles i klassa.

Tips til nettsider der de kan finne aktuelle saker

Forbrukartilsynet

Ulike nettaviser

TV2 hjelper deg

Relatert innhald

Marknadsføringslova

Marknadsføringslova regulerer korleis bedrifter kan marknadsføre produkta sine, og kven dei kan marknadsføre dei til.

Varemerkelova

Varemerke er kjenneteikn for varene eller tenestene til ei verksemd. Varemerka kan ha stor kommersiell verdi og vere eit sterkt konkurransefortrinn.

Åndsverklov og opphavsrett

Vi lever i ein digital tidsalder der det er lett å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.

Forbrukarkjøpslova

Som næringsdrivande er det viktig at du kjenner til rettane kundane dine har etter forbrukarkjøpslova.

Angrerettlova

Angrerettlova seier er at forbrukaren kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Kva er dei viktigaste momenta i angrerettlova?

Personvern

Alle menneske har rett til privatliv og til å kunne bestemme kva andre skal få vite om dei. Reglar om personvern finn du i personopplysningslova.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 20.01.2026