Podkast om leiing med Trygg-Hauger - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Podkast om leiing med Trygg-Hauger

Lytt til podkasten med leiar Stine Trygg-Hauger i samtale med programleiar Berit Boman. Ta notat undervegs og ha ein felles diskusjon i klassen etterpå.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Leiing og intern marknadsføring

Då podkasten vart spelt inn var Stine Trygg-Hauger administrerande direktør for Clas Ohlson. I 2021 bytte ho jobb og vart noregssjef for sportskjeda XXL.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Nedst på sida finn de refleksjonsspørsmål som de kan diskutere i klassa etter å ha høyrt podkasten.

Felles refleksjon og diskusjon om podkasten i klassen

  • Set opp stikkord frå podkasten på tavla.

  • På kva måtar meiner de at Stine Trygg-Hauger verkar som ein god leiar?

  • Diskuter kvifor det er viktig med god leiing.

  • Kva vil de seie er det viktigaste de lærte av denne podkasten?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021