Oppgåve
Produktstrategien til Peppes Pizza
I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i produkta til Peppes Pizza, jobbe med konkurransemiddelet «produkt». Oppgåva krev at du set deg godt inn i produktstrategien til Peppes Pizza.

Peppes Pizza er den største pizzarestaurantkjeda i Skandinavia. For nokon år tilbake blei det òg lansert Peppes Pizza-produkt som gav moglegheita til å lage eigen Peppes-pizza heime.
Oppgåver
Gå inn på peppeshjemme.no og live.peppes.no og gjer deg kjent med produkta deira.
Bruk Peppes Pizza som døme, og skriv ei kort forklaring på kva vi i marknadsføringssamanheng meiner med «produkt».
- Forklar, med døme frå Peppes Pizza, kva omgrepet «produktsortiment» betyr.
- Tenk deg eit besøk på ein av restaurantane til Peppes Pizza. Forklar produktnivåa og kva som kan vere kjerneproduktet, det konkrete produktet, det forventa produktet, det utvida produktet og det potensielle produktet i denne samanhengen.
- Gjer greie for kva vi meiner med «produktutviklingsprosessen» og «livsløpet til produktet». Kva fase i livsløpet meiner du at Peppes Pizza er i? Grunngi svaret. Forklar samanhengen mellom produktutviklinga og livsløpet til produktet. Bruk Peppes Pizza som døme.