Oppgave
Hval sjokolade
I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i Hval sjokolade, jobbe med konkurransemiddelet distribusjon. Oppgåva krev at du set deg inn i distribusjonsstrategien til Hval sjokolade og kampen til bedrifta om å få innpass hos matvarekjedene.
Nettressursar
- Nettsida til Hval sjokolade
- Sjå sekvensane om Hval sjokolade frå NRK-dokumentaren ved namn Matvarekrigen. Sekvensane om Hval sjokolade er frå 06:36–10:20 og frå 20:21–27:57.
- NRK-artikkel ved namn "Sjokoladekrigen"
Til opplysing: Både dokumentaren og artikkelen er frå 2015.
Med utgangspunkt i Hval sjokolade skal du gjere følgjande oppgåver:
- Gjer greie for kva vi i marknadsføringssamanheng meiner med distribusjon.
- Korleis distribuerte Hval sjokolade produkta sine då dei starta i 1996?
- Gjer greie for omgrepa "distribusjonsform", "distribusjonsgrad" og "distribusjonskanal". Bruk Hval sjokolade som døme i forklaringa.
- Leverandørar til dei store matvarekjedene må jobbe hardt for å få lov til å selje varene sine i butikkane. Gjer greie for nokre av utfordringane Hval sjokolade har møtt blant dei store kjedene.
- Vurder den heilskaplege distribusjonsstrategien til Hval sjokolade.
- Drøft påstanden: "Hval sjokolade bør slå seg til ro med at det er vanskeleg for dei å få innpass i butikkhyllene hos matvarekjedene."