Oppgåve
Video
Frå idé til merkevare
Kjenner du til Adams Matkasse? Lasse Smedsvig blei i 2015 kåra av nettavisa E24 til «Årets merkevarebyggjar» for merkevarebygginga av Adams Matkasse. Lasse var òg ein av dei som starta opp Cutters i 2015. Kva kjenneteiknar merkevarebygginga til Cutters og Adams Matkasse?
Oppgåve 1 – Adams Matkasse
Del 1
Sjå filmen nedanfor Etablere bedrift: Adams matkasse (lengde 07:46).
Etableringa av bedrifta Adams Matkasse. Video. Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler-Olsen / CC BY-NC-SA 4.0
Del 2
Svar på følgjande spørsmål:
- Kva var merkenamnet til Adams Matkasse i starten? Gjer greie for prosessen vidare når det gjaldt val av merkenamn for Adams Matkasse.
- Kven er målgruppa for Adams Matkasse?
- Kva fortel Lasse og Adam at var viktig for dei å tenkje på i oppstarten?
- På kva måte er design viktig for Adams Matkasse?
- Korleis uttrykkjer Lasse og Adam viktigheita av god service?
Skriv eit oppsummerande avsnitt der du gjer greie for kva som kjenneteiknar Adams Matkasses merkevarebygging.
Oppgåve 2 – Cutters
Del 1
Sjå filmen nedanfor (lengde 05:07), der Lasse, som var med og starta frisørkjeda Cutters i 2015, forklarer korleis dei har bygd opp merkevara Cutters.
Merkevarebygginga av bedrifta Cutters. Video. Video: Kolbjørn Hoseth Larssen, Tone Hadler-Olsen / CC BY-NC-SA 4.0
Del 2
Svar på følgjande spørsmål:
- Kva kjenneteiknar ei sterk merkevare?
- «Noko av det viktigaste då vi starta Cutters, var å byggje ei sterk merkevare», seier Lasse Smedsvig. Kva gjorde Cutters i starten for å prøve å byggje opp ei sterk merkevare?
- Beskriv merkeelementa til Cutters. Beskriv merkenamnet, design, logo, slagord og fargebruk.
- På kva måte er eigne produkt viktige for Cutters?
- Kva tenkjer du kjenneteiknar merkevara Cutters?
- I kva grad synest du Cutters har lykkast i å byggje opp ei sterk merkevare?