Faktorar som påverkar forbrukaråtferd - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Faktorar som påverkar forbrukaråtferd

Det er fleire faktorar som påverkar forbrukaråtferd. Kva trur du kan vere med på å påverke kva vi som forbrukarar tenkjer og gjer når vi søkjer etter, vurderer, kjøper og bruker produkt?

Med forbrukaråtferd tenkjer vi på tankane og handlingane til forbrukarane når dei søkjer etter, vurderer, kjøper og bruker produkt.

Tenk over

Korleis vil du beskrive deg sjølv som forbrukar, og kva faktorar trur du påverkar forbrukaråtferda di?

Det er fleire faktorar som påverkar forbrukaråtferd. Tre faktorar som kan vere med på å påverke forbrukaråtferd, er

  • kulturelle faktorar

  • sosiale faktorar

  • personlege og psykologiske faktorar

Kulturelle faktorar

Dei haldningane, verdiane og normene som gjeld i den eller dei kulturane vi er ein del av, kan påverke forbrukaråtferda vår. Vi deler inn i nasjonal kultur og såkalla .

Studentmiljøet og rånemiljøet er døme på to ulike subkulturar. Kva kultur vi ein del av, påverkar mellom anna kva slags framkomstmiddel vi vel.

Tenk over

Sjå dei første minutta av første episode av serien Rådebank, og tenk over korleis kulturelle faktorar kan påverke forbrukaråtferda til ungdommane i serien Rådebank.

Austkanten og vestkanten i Oslo blir ofte brukte som døme på kulturelle forskjellar i form av mellom anna økonomiske og sosiale skilje. På austkanten er til dømes formue, inntekter og bustadprisar lågare enn på vestkanten.

Nokre fleire døme på kulturelle forskjellar kan vere at i nokre land blir det sett på som viktig å eige hus sjølv, mens det i andre land er heilt vanleg at fleirtalet leiger bustad. Bustadmarknaden i ulike land vil derfor vere ulik.

I land med varmare klima er det er ofte vanlegare å ete ute. Dette kan påverke utvalet av kafear, restaurantar og andre offentlege møtestader på ein annan måte enn i land der folk bruker mykje meir av tida si i heimen.

I eit land som Noreg, med eit kaldare klima, bruker vi mykje tid i heimen. Vi nordmenn er derfor i verdstoppen når det gjeld oppussing.

Sosiale faktorar

I både yrkesliv og kvardagsliv tilhøyrer vi ei rekkje grupper. Desse gruppene påverkar oss med omsyn til korleis vi opptrer som forbrukarar. Vi kan kalle desse gruppene for referansegrupper.

Ei referansegruppe er ei gruppe menneske som har direkte eller indirekte innverknad på haldningane og åtferda vår. Vi kan dele referansegruppene inn i primærgrupper og sekundærgrupper.

Tenk over

Påverkar andre korleis du kler deg? Kler du deg nokså likt som vennene dine?

I denne episoden av serien Avkledd kan vi sjå Jenny Skavlan som gjer personar merksame på kor likt dei kler seg. Sjå gjerne frå 06:05 til 12:46.

Primærgrupper

Primærgrupper er små og relativt stabile grupper som påverkar oss. Døme på primærgrupper er familien vi veks opp i, venner og kollegaer som vi har nær kontakt med.

Alle primærgruppene våre har mykje å seie for korleis vi opptrer som forbrukarar. Du har kanskje opplevd å ønskje deg det same som bestevennen din? Ikkje minst formar familien oss som forbrukarar over tid.

Familien lærer deg bestemde forbruksmønster. Kastar de til dømes mat, eller planlegg de matinnkjøp og måltid nøye? Er de sparsame, eller vel de berre det dyraste? Er det viktig med merkevarer, eller er det andre ting de prioriterer høgare?

Sekundærgrupper

Sekundærgrupper er meir formelle grupper som du er med i, og som du ikkje har kontakt med kvar dag. Sekundærgruppene har som regel ikkje like mykje å seie for korleis vi opptrer som forbrukarar, som primærgruppene.

Døme på sekundærgrupper er idrettslag, skulekorps, kor og politiske eller religiøse organisasjonar. Dette er grupper du medviten tek kontakt med og melder deg inn i.

Grupper du samanliknar deg med og har lyst til å bli ein del av, kallar vi aspirasjonsgrupper. Driv du til dømes med skiskyting som idrett, kan referansegruppa di i denne samanhengen vere skiskyttarlandslaget.

Menneske du gjerne vil samanlikne deg med, eller som du vil likne, kallar vi referansepersonar. Dette kan vere idol, som musikkstjerner, influensarar og skodespelarar. Det kan vere kjende menneske som står for verdiar du ser på som viktige, eller det kan vere venner eller kjende i omgangskrinsen eller på jobben som du ser opp til og respekterer.

Tenk over

Kva sekundærgrupper trur du er med på å påverke forbrukaråtferda di?

Personlege og psykologiske faktorar

Forbrukaråtferda di blir òg påverka av ulike personlege og psykologiske forhold, som til dømes

  • alder og fase i livsløpet

  • livsstil

  • utdanning, yrke og økonomi

  • personlegdom, haldningar og verdiar

Alder og fase i livsløpet

Du er sikkert samd i påstanden om at du bruker pengar på heilt andre ting enn det foreldra dine gjer? Eller bestemora di?

Forbruksmønster blir forandra med alderen, både fordi vi faktisk har ulike behov, og fordi økonomien vår vanlegvis blir forandra gjennom eit liv.

Reklamevideoen nedanfor viser på ein humoristisk måte korleis livsstil og forbruk endrar seg over tid. Tatoveringane vi tek som unge, er kanskje ikkje like kule når vi blir eldre.

Livsstil

Måten vi lever livet vårt på, påverkar forbrukaråtferda vår. Omgrepet livsstil bruker vi om måten eit menneske innrettar livet sitt på, med utgangspunkt i eigne meiningar, interesser og aktivitetar.

Nokon lever på ein roleg måte og set pris på kveldar framfor peisen med ei god bok. Andre igjen kan ha ein svært aktiv livsstil og drive med sport, eller dei kan vere sterkt kulturelt orienterte, gå på utstillingar, gå på teater og følgje med i ulike musikkmiljø.

Mange forbrukarar med ein travel livsstil som kanskje opplever den såkalla tidsklemma, kan til dømes bestille heimlevering av mat eller nytte seg av enkle, kjappe løysingar i matlaginga.

Utdanning, yrke og økonomi

Utdanning, yrke og økonomi kan påverke korleis du oppfører deg som forbrukar. Til dømes viser forsking at personar med høg utdanning et sunnare, røykjer mindre og trener meir.

Yrket vårt påverkar òg forbrukaråtferda vår. Ein som jobbar i eit advokatfirma, vil kanskje ha eit større forbruk av dressar enn mange andre.

Personlegdom, haldningar og verdiar

Vi menneske er alle ulike ut frå individuelle og psykologiske faktorar. Personlegdom er definert som dei relativt stabile individuelle forskjellane i korleis ulike menneske tenkjer, handlar og føler.

Personlegdommen til den enkelte forbrukaren kan ofte vere med på å påverke forbrukaråtferda vår. Den dominerande tilnærminga innan personlegdomspsykologi er å beskrive forskjellane til mennesket i personlegdom med den såkalla femfaktormodellen. Du kan lese meir om dette i den relaterte artikkelen Personlegdom og forbrukaråtferd.

Kva verdiar og haldningar vi forbrukarar har, påverkar òg forbrukaråtferda vår. Ein person som til dømes er oppteken av berekraftig utvikling, vil kanskje velje eit kosthald basert på færre kjøt- og meieriprodukt på grunn av verdiane og haldningane sine.

Det er fleire faktorar som påverkar forbrukaråtferd, og psykologiske faktorar som motivasjon og behov har òg betydning for forbrukaråtferda vår. Du kan du lese meir om dette i den relaterte artikkelen om motivasjon.

Relatert innhald

Fagstoff
Personlegdom og forbrukaråtferd

Kva meiner vi med personlegdom, og korleis påverkar personlegdommen forbrukaråtferda? I kva grad kan eit merke ha ein personlegdom?

Fagstoff
Motivasjon

Kva er motivasjon, og korleis påverkar motivasjon forbrukaråtferda?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021