Direkte distribusjon - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Direkte distribusjon

Ei bedrift kan velje mellom distribusjonsformene direkte og indirekte distribusjon. Ved direkte distribusjon går produkta direkte frå produsenten til kundane, utan noka form for mellomledd. Denne forma for distribusjon er kostnadssparande, men ho har òg fleire avgrensingar.

Direkte distribusjon

Direkte distribusjon betyr at vara eller tenesta som blir produsert, går direkte frå produsenten til kundane utan noka form for mellomledd. Verksemda har sjølv kontakt med kunden og held lager.

Mat som blir produsert på eit restaurantkjøkken, og som blir servert til gjesten ved bordet, er eit døme på direkte distribusjon. Det same kan seiast om fabrikkutsal av klede. Kleda blir produserte på fabrikken, og kunden kjem dit og kjøper utan at nokon mellomledd er involverte.

Andre direkte distribusjonsmetodar kan vere bestilling og kjøp direkte hos produsenten, til dømes via nettbutikkar.

Kontroll over distribusjonen

Den største fordelen ved direkte distribusjon er at produsenten har stor kontroll over distribusjonsprosessen.

Det er ingen andre som handterer produkta på veg til kunden – produsenten held i produktet sitt heilt til kunden får det.

Likevel kan det vere grenser for kor mange kundar og marknader ein produsent klarer å nå ved eigen distribusjon.

Verksemda må ha kunnskap og økonomi til å byggje opp eit distribusjonsnettverk sjølv, slik at produkta blir tilgjengelege. Dersom verksemda ikkje har eit slikt nettverk, kan ho få lågare inntekter fordi ho ikkje klarer å nå ut til kundane.

God kundekunnskap

Ved direkte distribusjon får verksemda god kontakt med kundane sine og kan bruke kunnskap om kjøpsvanar og preferansar til å lage treffsikre strategiar for framtida.

Sjølv om det er bra å kjenne kundane sine godt, kan det ofte vere lurt å konsentrere seg om produksjon og utvikling av produkta. Kundekunnskap kan kjøpast hos andre, og alle treng ikkje kunne alt.

Lågare kostnader

Alle mellomledd i ein distribusjonskanal skal ha fortenesta si – ingen arbeider gratis. Direkte distribusjon kan derfor bety lågare kostnader for bedrifta, sidan vi sparer utgiftene som elles ville ha gått til mellomledd.

Det kan totalt sett likevel vere meir lønnsamt å bruke mellomledd i distribusjonen, fordi vi når langt større kundegrupper enn ved direkte distribusjon.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2020