Reklame og algoritmar
Kva er ein algoritme?
Sjå filmen (lengde 10:02):
Innsamling av persondata og big data
Persondata blir samla inn når du navigerer på nett. Besøker du ei nettside, vil sida registrere at du er der gjennom nettkapslar (cookies). Er du logga inn på Google, blir besøka dine kopla til registrert kjønn og alder, og mange nettenester bruker dessutan geografisk sporingsteknologi. Eitt døme er kartfunksjonen i Snapchat.
I neste omgang blir persondata selde mellom bedrifter. Når datasett frå ulike selskap blir samla, får vi store datasamlingar, også kalla big data. Slike store datasamlingar er så store, at dei blir lesne og sorterte av dataprogram, eller algoritmar, som vi òg kalle den typen programvare.
Diskuter
På kva slags måtar har auka bruk av kunstig intelligens (KI) endra korleis reklame og algoritmar fungerer i dag?
Korleis påverkar desse endringane måten vi blir målretta, påverka og tek val på?
Algoritmar og skreddarsydd reklame

Algoritmane er programmerte til å finne mønster i dataspora dine og samanlikne dei med andre brukarar, for så å sortere ut og eksponere deg for skreddarsydd reklame. Typen reklame, kvar han blir vist, når, og i kva for samanhengar du er i når han blir vist, kan programmerast inn i ein algoritme.
Går du til dømes inn i ein sportsbutikk, kan du få ein SMS som fortel at butikken har tilbod på treningsbagar.
Diskuter
Diskuter fordelar og ulemper med personretta reklame.
Meir om algoritmar
Vi kan programmere datamaskiner til å løyse mange oppgåver meir effektivt enn vi klarer sjølve. Når du skal programmere ei datamaskin, må du gi maskina ei oppskrift som gjer at ho utfører det du ønsker ho skal gjere.
Enkelt forklart kan vi seie at ein algoritme er ein framgangsmåte eller ei oppskrift som beskriv steg for steg kva som skal gjerast for å løyse eit problem eller oppnå eit bestemt resultat.
Forstår du kva ein algoritme er?
For å komme deg til skulen kan du ta buss, sykle eller gå. Kvar av desse tre operasjonane har same resultat, men framgangsmåtane er ulike.
- Skal du ta buss, må du først gå til busstoppet, så kjøpe billett, finne deg eit sete og til slutt gå av bussen ved skulen.
- Korleis vil framgangsmåten sjå ut for at du skal kunne komme deg til skulen ved å gå eller sykle?
- Korleis vil oppskrifta vere om du skal gå?
Vi ser at dei ulike transportmidla har forskjellige steg-for-steg oppskrifter. Vi kan derfor kalle dette tre ulike algoritmar for same formål.
Beskriv ein algoritme
Korleis ville algoritmen sjå ut dersom de fekk bestemme korleis de skulle bli eksponerte for personretta reklame?