PåPåler AS – marknadsstrategi

Informasjon
PåPåler AS er snart klare til å lansere det nye reiselivskonseptet sitt med pålehytter i ei elv nær dykk. Hyttene er opne for gjestar frå mai til oktober. For å komme til hyttene må gjestane bruke kano eller kajakk. Hyttene er ikkje knytte til bilveg. Hyttene har enkel standard, men likevel eit lekkert design. Det er naturopplevinga som står i fokus.
Gründerane er byggutdanna og har ikkje så mykje kunnskap om sal og marknadsføring. Dei tenkjer i første omgang å teste konseptet i den norske marknaden og så lansere det i Europa. Dei har eit mål om å oppnå 80 prosent belegg den første sesongen.
Men dei er ikkje heilt sikre på korleis marknadsstrategien skal sjå ut. For å kunne utarbeide ein heilskapleg marknadsstrategi må dei mellom anna finne ut kven som er målgruppa, og korleis dei skal formulere bodskapen for å nå ut med konseptet sitt. Dei har nå bede dykk om hjelp.
Oppgåve
Jobb i grupper på tre. Her er det berre fantasien som set grenser, og de må lage eigne føresetnader der de treng det.

Del 1: Lag ein situasjonanalyse
Del 2: Finn målgruppa og segmenter marknaden
Del 3: Formuler bodskapen
Per og Pål ønskjer å nå ut til målgruppa si med ein bodskap om at hyttene er unike, og at det er eit berekraftig reiselivskonsept. Dei er sjølve veldig glade i naturen og ønskjer at gjestane òg skal oppleve denne gleda.
I reklamesamanheng er bodskapen ofte utforma som ein annonse med tekst, grafikk og bilete, eller som ein reklamefilm.
Når du skal formulere bodskapen, må du hugse
at det må kome tydeleg fram kva som er unikt med konseptet.
å beskrive PåPålers «unike salspoeng» (USP-ar).
å bestemme om det skal vere ulike bodskapar til ulike målgrupper. Bruk gjerne personas i dette arbeidet.
Del 4: Lag ein marknadsstrategi
Marknadsstrategien skal seie noko om kva PåPåler tilbyr, kva som er fordelane eller det unike med produktet (som pris og kvalitet), korleis det skal seljast, kva marknadsføring som skal prioriterast, og korleis kundane skal betenast (service).
- Konkurransemidla pris, produkt, påverknad, plass og personale (dei fem p-ane) er eit godt verktøy i dette arbeidet.
- Vel kva marknadsføringskanalar som skal brukast for å nå kva målgrupper, og grunngi vala.
- Lag ein eigen strategi for marknadsføring i sosiale medium.
Del 5: Lag eit nyheitsbrev
Nyheitsbrevet skal sendast til Turistforeningen og til turistkontor rundt om i Noreg for å skape merksemd om det nye reiselivskonseptet.
Del 6: Planlegg marknadsaktivitetane
Lag ein aktivitetsplan for PåPåler. Planen skal vise følgjande:
- Kva marknadsaktivitetar skal de gjennomføre?
- Kva er målet med aktivitetane?
- Kor mykje skal aktivitetane koste?
- Når skal aktivitetane gjennomførast?
- Kven ønskjer de å nå med aktivitetane (målgrupper)?
- Kva skal de seie til målgruppene – kva er bodskapen?
- Kva kanalar skal de bruke (Facebook, nettaviser, lokale/nasjonale reiselivsnettstader)?
- Kven har ansvar for gjennomføringa av aktivitetane?
- Korleis skal de jobbe med kundereisene, og kven er ansvarleg for dette?
Relatert innhald
Ein marknadsplan er eit dokument der bedrifta planlegg dei komande marknadsaktivitetane sine.
Om bruk av konkurransemidla produkt, pris, plassering, personale og påverknad i merkevarebygging.