Oppgave
Lag eit salskurs!
Ein dyktig seljar er den viktigaste ressursen i bedrifta!
De er ei gruppe dyktige seljarar som har fått i oppgåve av leiaren dykkar om å utvikle eit salskurs for dei andre tilsette i bedrifta.
Kurset vektlegg salssamtalen, som er det er viktigaste verktøyet butikken har for å maksimere salet og få fornøgde kundar. Kurset skal òg fokusere på korleis ein får til meirsal.
Oppgåve
- Gå saman i grupper på tre. Lag ein introduksjonvideo om salssamtalen og kva ein seljar skal leggje vekt på i dei ulike fasane. De kan bruke Imovie, FilmoraGo eller WeVideo.
- Lag og film eit rollespel med tre ulike salssituasjonar, der alle fasane blir viste. De byter på å vere kunde, seljar og den som filmar. Filmen skal oppsummere dei viktigaste punkta frå kvar fase etter kvar salssituasjon.
- Set a) og b) saman til ein samanhengande film som kan brukast i opplæringa av nye og gamle tilsette.
- Vis filmen til resten av klassa.
- Diskuter kva for ei av dei andre gruppene som laga den beste filmen, og grunngi kvifor. Kår ein vinnar i klassa.
Gjennomføring
- Lag eit godt manuskript til dei tre ulike salssituasjonene.
- Lag storyboards.
- Film, rediger og ha det gøy!
Relatert innhald
Fagstoff
VideoproduksjonKunnskap om forarbeid, bilete, kamera, komposisjon, biletutsnitt, lyd, sjanger, klippeteknikk og redigering er viktig når du skal lage ein videoproduksjon.