Oppgåve
Video
Kartlegging av kundereisa
I denne oppgåva skal de jobbe i par med kundereisa. Bruk digitale verktøy til samskriving og deling. Start med å sjå eit døme på ei kundereise i filmen nedanfor (lengde 02:00).
Førebuing
- Bruk eit digitalt verktøy der de kan samskrive, laga tankekart og dele.
- Spør læraren om de kan få Post-it-lappar.
- Vel eit produkt de akkurat har kjøpt, eller noko de ønskjer å kjøpe.
Oppgåve 1
Lag eit tankekart som illustrerer kundereisa ved kjøp av vald produkt. Tankekartet blir delt inn i tre fasar der de tek med kontaktpunkta til dei ulike fasane i kjøpsprosessen.
- Fase 1 – Korleis oppstår behovet, kva eller kven påverkar dykk? Er det bloggar? Influensarar? Vener? Sosiale og kulturelle tilhøve? Annonsar? Sosiale medium?
- Fase 2 – Søkje informasjon og vurdere alternativ. Kvar og korleis søkar de informasjon om produktet? Korleis brukar de informasjonen de finn?
- Fase 3 – Kjøpsavgjerd og erfaringsdeling. Kva er avgjerande for at de kjøper akkurat dette produktet? Kvar deler de erfaringar om produktet de har kjøpt?
Når de har laga tankekartet dykkar ferdig, kan de presentere resultatet for kvarandre i klassen. Er kundereisene like? Kva er annleis? Er det noko som overraskar dykk?
Oppgåve 2
Ta utgangspunkt i kundereisa frå førre oppgåve og sjå nærare på kontaktpunkta i fase 2.
- Skriv dei ulike kontaktpunkta på kvar sin Post-it-lapp, og fest dei etter kvarandre på veggen.
- Beskriv innhaldet i dei ulike kontaktpunkta på nye Post-it-lappar, som de så festar under det aktuelle kontaktpunktet.
- Ser de forbetringsmoglegheiter i nokre av kontaktpunkta?
- Vel ut eitt kontaktpunkt de meiner bedrifta kan forbetre seg i.
- Beskriv forbetringane de meiner bedrifta bør gjere, på ein Post-it-lapp som blir festa på veggen.