Oppgave
Forbrukaren som ekspert
Aldri før har vi forbrukarar delt så mykje informasjon og brukarerfaringar på nettet som no. Til glede og nytte for nokon, og til irritasjon for andre.
Euromonitor har presentert dei ti viktigaste forbrukstrendane for 2019. I det første punktet i denne undersøkinga står det: “Vi blir klokare, vi er alle forbrukarekspertar”. Med dette blir det meint at forbrukarar samlar og deler informasjon og erfaringar om produkt på nettet, og at vi med dette stiller andre krav til produsentane enn tidlegare. Du kan lese om alle punkta i Euromonitors undersøking i artikkelen "Analyse av forbrukartrendar".
Les først artikkelen ”Merkene som har åpne fabrikklister" på framtiden.no. Jobb med oppgåvene i grupper på to.
- Vel eitt av merkene frå open liste og eitt frå lukka, og samanlikn kva bedriftene seier om samfunnsansvaret sitt. Kva er forskjellane? Noter det de finn i eit nytt dokument som de kan kalle "forbrukartrendar".
- Søk deretter opp kundeomtaler om dei to merka de valde. Kva skriv folk? Er det gode og nyttige omtaler? Svarar bedriftene på omtalene? Er det noko som overraskar deg? Hald fram med å skrive i dokumentet dykkar.
- Kva trur de er grunnen til at nokon selskap vel å hemmeleghalde produsentane sine? Diskuter og skriv ei oppsummering.
- Er det mogleg å finne nokon produkt som er teke ut av marknaden på grunn av dårleg omtale? Om de finn noko, skriv det ned.
- Heile klassen: Lag ei veggavis i A3-format, som viser kva gruppene finn. Det kan bli mange interessante casar her!