Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Brukarvennlege nettsider

I denne oppgåva skal de undersøke teknisk utforming og løysingar på nettsider. Er det slik at ny teknologi er teken i bruk for å støtte opp om forbrukaråtferda til dagens kundar? Og har nettsidene ei god brukarvennlegheit som kan bidra til auka sal?

Oppgåve

  1. Vel eit produkt du kunne tenke deg å kjøpe (til dømes sko, mobiltelefon, reise, treningsutstyr eller klede).

  2. Finn minst to ulike nettsider som sel dette produktet.

  3. Beskriv nettsidene kort. Ta med litt om

    • meny og navigasjon

    • søkefunksjon og filtrering

    • informasjon om produktet

    • servicefunksjonar (chat, online prøving m.m.)

    • handlekorg- og betalingsløysing

    • tilpassing til mobil

  4. Vurder til dei ulike nettsidene. På kva for ei av nettsidene er det enklast for kunden å finne informasjon og gjennomføre eit kjøp.

  5. Beskriv den typiske forbrukaråtferda for kjøp av produktet ditt.

  6. Kor godt synest du nettsidene er tilpassa dagens forbrukaråtferd? Kva kunne ha vore gjort betre?

  7. Forklar korleis god utforming av ei nettside kan bidra til betre kundeoppleving, sterkare service og auka sal.

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 09.02.2026