Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Skagenmalerne

Skagenmålarane skildra livet i ein fiskarlandsby heilt nord i Danmark. På Skagen hadde dei sin eigen kunstnarkoloni på slutten av 1800-talet. Seinare har desse kunstnarane blitt representantar for den nordiske impresjonismen, men dei var òg prega av realismen.

Skandinavisk kunstnarfellesskap

Fleire skandinaviske kunstnarar skapte sin eigen koloni på Skagen i Danmark. Her blei dei tiltrekt av fargane, landskapet og det spesielle lyset. Dei levde eit rikt og fritt sosialt liv med samtalar om kunst og samfunnsengasjerte diskusjonar. Seinare har desse kunstnarane blitt kalla Skagenmålarane.

Motiv

Skagenmålarane hadde livet på Skagen som hovudmotiv. Dei skildra det kvardagslege, glade dagar, hardt arbeid og alt kva livet kunne innehalde av sorg og prøvelsar.

Ein venn rådde Christian Krohg til å bli med i kunstnarfellesskapen sommaren 1879. Etter dette kom Krohg tilbake til Skagen fleire gonger. Her måla han fleire bilete av sjømenn og av familiane deira. Diagonale linjer i komposisjonen og drastisk tilskjering gjer at vi som ser bileta, opplever å komme tett på motiva.

Realismen

Skagenmålarane tok med seg impulsar frå opphald i utlandet. Fleire av dei hadde vore i Paris og sett at målarane der viste fram korleis arbeidarane hadde det. No introduserte dei den franske realismen til Skandinavia.

På Skagen ville målarane vise forholda fiskarane levde under, alt frå kvardagsliv til faren ved å jobbe på havet. Desse motivvala kunne bidra til samfunnsdebatt. I borgarskapen var det mange som reagerte negativt på denne typen bilete.

Impresjonismen

Impresjonistane introduserte friluftsmåleriet. Kunstnarane føretrekte å måle ute framfor å arbeide inne i eit atelier. Dei ville skildre livet "her og no", gjerne fargerikt og med kraftige og hurtige penselstrøk. Kunstnarane skulle vise fram inntrykket av det dei såg i eit bestemt augeblink.

Skagenmåleri brukt som referanse i samtidskunst

Vebjørn Sand har ein klar referanse til Krøyers måleri Hipp, hipp hurra! Kunstnarfest på Skagen (biletet øvst på denne sida) i Wannsee-konferansen II. Dette måleriet er eit av verka i ein utandørs kunstinsallasjon kalla Roseslottet, som ligg på Frognerseteren i Oslo.

Reflekter

  1. Studer måleriet Wannsee-konferansen II på Roseslottet og noter korleis du opplever biletet og stemninga i det, før du les teksten under biletet.

  2. Les teksten under biletet om kva som skjedde på Wannsee-konferansen, og om Vebjørn Sands formål med å plassere den historiske hendinga inn i ein ny samanheng.

Diskuter

Korleis opplevde de Vebjørn Sands bilete før de las om kva som gjekk føre seg på Wannsee-konferansen, og korleis opplever de det etterpå? Påverkar referansen til Krøyers bilete opplevinga?

Kjelde

Kirkholt, T. (2025, 25. mars). Christian Krohg. I Store norske leksikon. https://snl.no/christian_krohg

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 25.03.2026