Samisk kultur og identitet

Urbefolkning
Samane er ei urbefolkningsgruppe som har hatt tilhøyrsel i Noreg lenge før den norske staten blei oppretta. Dei står derfor i ei særstilling som minoritetsgruppe, og dei har rettar som andre grupper i Noreg ikkje har. Dette gjeld mellom anna:
- rett til opplæring på eige språk
- eige parlament (Sametinget)
- radio- og fjernsynsstasjon med eigne sendingar
- eigne samiske skular og samisk høgskule
Slik har det ikkje alltid vore. I lange periodar har den samiske befolkninga vore utsett for undertrykking, mishandling og forsøk på fornorsking. På femtitalet blei samiske barn plasserte på internatskular der det ikkje var lov til å snakke anna enn norsk. I denne perioden var det mange samar som ikkje lærte samisk skikkeleg.
Film om identitet og levesett i Sápmi
Samisk kultur er ein mangfaldig kultur. I filmen under (lengde 8:13) møte vi tre unge samar som er frå Kautokeino og frå Oslo-området. Dei fortel om tradisjonar dei har med seg, og om korleis dei lever med den samiske identiteten sin.
Reflekter og diskuter
Kva betyr den samiske identiteten for ungdommane vi møter i filmen?
Samanlikn korleis det blir opplevd å vere same i Oslo-området og i Kautokeino.
Film om identitet i kunstuttrykk
Samisk kultur har vore utsett for press over lengre tid. I filmen under (lengde 7:33) besøker vi samtidskunstnaren Lena Stenberg i atelieret hennar. Ho fortel om bakgrunnen sin og korleis ho jobbar med identitet i kunstuttrykka sine.
Reflekter og diskuter
Korleis kjem den samiske identiteten til Lena Stenberg til uttrykk i verka hennar?
Korleis påverka grensedragingar mellom Noreg, Finland og Sverige det samiske folket?
Relatert innhald
Nettside hos lenastenberg.se