Norsk biletkunst i realismen

Erik Werenskiold (1855–1938)
Erik Werenskiold var ein norsk målar og teiknar. Han vidareutvikla friluftsmåleriet og skapte ei meir realistisk folkelivsskildring. Det norske folket og den norske naturen skulle framstillast på ein sannferdig måte. I motsetning til nasjonalromantikarane som måla ferdig bileta sine inne i ateliera, gjorde realistane dei ferdige på staden der motivet var.
Harriet Backer (1845–1932)
I dag blir Harriet Backer rekna som ein av dei beste målarane i sin generasjon. Ho var var ei av få kvinner som kunne leve av kunst i si tid.
I realismen var kunstnarane opptekne av å gjengi liva til vanlege menneske på ein truverdig måte. I eit av Backers tidlege verk Avskjeden (1878) er motivet ei ung kvinne som tek farvel med foreldra sine. Dette er ein kjensleladd augeblink, men situasjonen blir skildra utan idealisering. Kroppsspråket til personane er realistisk, og Backer har studert lyset, rommet og detaljane i interiøret nøye.
Du kan lære meir om Harriet Backer i emnet om impresjonisme.

Christian Krohg (1852–1925)

Christian Krohg var ein norsk målar, forfattar og journalist. Han studerte jus samtidig som han måla og deltok i teikneundervisning. Etter juridisk embetseksamen i 1873 reiste han til Tyskland for å studere målarkunst. Gjennom 50 år var han ein viktig person i norsk kunstnarmiljø. Han var svært samfunnsengasjert, og dette kjem tydeleg fram i kunsten hans.
Krohg plasserte gjerne menneske i forgrunnen når han bygde opp komposisjonane sine. Stundom skar han til motivet slik at den som ser biletet, kan kjenne seg nær augeblinken som blir skildra. Fargane i verka hans har ofte glød og intensitet, og lyssetjinga gjer motiva levande.

Filmklipp om Christian Krohg
Sjå eit utdrag (lengde 1:22) frå filmen I møte med kunst. Her møter du fleire verk av Krohg og får vite meir om samfunnet på den tida dei blei skapte.
Albertine hos politilegen
Prostitusjon var lovleg i Kristiania frå 1840-åra til 1888, og politiet registrerte alle kvinner som dei mistenkte at var prostituerte. Krohg skreiv romanen Albertine som eit innlegg i moraldebatten i 1880-åra. Boka handlar om ei fattig sypike som blir innkalla til politilegen etter at ho har blitt valdteken av ein politifullmektig. Etter dette blir ho driven ut i prostitusjon. Romanen blei forboden og stempla som usømmeleg.
Idealet for kunstnarane i realismen var å formidle sanning framfor skjønnheit. Albertine i politilegens venteværelse skildrar ei scene frå historia om Albertine. Ho står full av skam saman med prostituerte som ventar på å komme inn til "visitasjon", altså å bli undersøkte for kjønnssjukdommar.
Biletet blei ein skandale då det blei vist første gong. Få norske kunstverk har skapt så stor debatt som dette måleriet. I etterkant av romanen og måleria om Albertine blei offentleg prostitusjon ulovleg.

Reflekter og diskuter
Kvifor trur de at dette måleriet vekte så stort engasjement?

Kampen for tilværet
Christian Krohg ville vise livet slik det faktisk var. Bakgrunnen hans som journalist og jurist gjorde at han ville få fram og avsløre urettferdige sider ved samfunnet.
Motivet i Kampen for tilværelsen gjer sterkt inntrykk. Tittelen på biletet understrekar at dette er ein kamp for å overleve. Scena finn stad utanfor eit bakeri i Oslo der dei deler ut gammalt brød. Ein politimann i bakgrunnen let seg ikkje påverke av nøda han ser.
Krogh har tydeleg fått fram ansiktsuttrykka til barna, og vi kan få eit inntrykk av korleis dei opplever denne augeblinken. Dempa bruk av fargar er med på å understreke forteljinga i biletet.

Syk pike
Måleriet Syk pike viser eit barn som er døyande av lungesjukdommen tuberkulose. Denne sjukdommen var ein fare for alle, men ramma spesielt dei fattige. Motivet er skore til slik at den som ser biletet, kan kjenne seg som ein deltakar i rommet. Vi møter blikket til jenta og blir konfronterte med den brutale verkelegheita.
Symbol blir sjeldan brukte i realistisk målarkunst. Men her har Krohg plassert ei visnande rose i fanget på jenta. Korleis tolkar du dette symbolet?
Krohg mista både mora og søster si då han var ung. I dette biletet viser han oss endå ein gong at kunsten ikkje berre skal vere estetisk og vakker, men òg gripande, skremmande og vise den ærlege verkelegheita.
Reflekter og diskuter
Temaet er det same i Syk pike (1880–81) av Christian Krohg som i Edvard Munchs Det syke barn (1885–86) på Nasjonalmuseet. Samanlikn korleis dei to kunstnarane har jobba med
motiv
komposisjon
teknikk
fargebruk
tekstur
symbolikk
Fordjuping
Studer korleis Edvard Munch kom tilbake til dette motivet gjennom heile kunstnarskapen sin i artikkelen "Det syke barn" på Munchmuseet.