Komposisjonsprinsippa brukte i foto

Komposisjonsprinsipp
Tredelingsregelen
Om du deler biletflata inn i tre like delar både horisontalt og vertikalt, får du eit rutenett. Linjene kan hjelpe deg til å få ein komposisjon som blir opplevd som harmonisk. Der linjer kryssar kvarandre, er det spesielt godt eigna for å plassere interessepunkt i komposisjonane. Sjå gjerne animasjonen i artikkelen "Komposisjonsprinsippet tredeling".
Skala: Kjende storleikar
Om du bruker eit element som alle kjenner storleiken til, kan du få fram kor stort eller lite noko anna er.
L-komposisjon
Når komposisjonen din er noko med høgde ved sida av lågare objekt, kan dette samanliknast med forma på bokstaven L. L-komposisjon fungerer òg om L-en står spegelvend.

Forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn
Du skaper djupne i biletet om du tek med noko som viser at det både er forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn i det. Å bruke ein forgrunn er ofte alt som skal til. Forgrunnen kan til dømes vere blad frå eit tre som er nær fotografen og framfor ei utsikt. Skuldra til ein person kan òg brukast som ein forgrunn. Sjå gjerne animasjonen i artikkelen "Forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn".

Innramming
Eit vindauge eller ei dør inn til eit rom kan ramme inn motivet. Dette er ein måte å framheve noko på, og ein oppnår ein litt annleis presentasjon. Forma på ramma kan vere geometrisk eller organisk. Innramminga kan like gjerne vere ei open dør som greiner på eit tre.

Leielinjer
Linjer i biletet kan leie blikket til betrakteren i den retninga du vil styre det. Du kan la linjene føre merksemda mot noko i biletet eller berre innover i det. Sjå gjerne animasjonsfilmen i artikkelen "Leielinjer som visuelt verkemiddel".

Overlapping
Overlapping er når noko står framfor eller bak noko anna. Dette gir betrakteren ei oppleving av djupne og gjer komposisjonen meir interessant.

Formkontrast
Former og flater som står i kontrast til kvarandre, kan skape visuell spenning i motivet. Motsetningane framhevar kvarandre og gjer biletet meir interessant å sjå på.

Symmetrisk balanse
Ordet balanse betyr likevekt. Symmetri er når element i ein komposisjon blir plasserte likt på kvar side av ein midtstilt akse. Vi kan sjå for oss ei vektstong der elementa er likt fordelte på kvar side.

Når motivet blir spegla om ein midtakse, oppnår vi harmoni i komposisjonen.

Asymmetrisk balanse
Vi kan oppnå balanse utan symmetri. Elementa er ulike på kvar side av midtaksen, men plasseringa skaper likevel balanse mellom dei.

Når begge bilethalvdelane i motivet har nokolunde same visuelle tyngde, oppnår du ein asymmetrisk balanse. Dette kan samtidig skape rørsle i komposisjonen.

Froskeperspektiv
Eit motiv som er vinkla frå ein låg ståstad blir kalla froskeperspektiv. Du kan vise fram noko frå ein vinkel som er annleis enn slik vi er vande til å sjå.

Fugleperspektiv
Ved å velje fugleperspektiv får du ein vinkel som gir oversikt. Då kan du vise fram meir av miljø og kontekst. Noko kvardagsleg blir ofte meir interessant frå ein meir uvanleg vinkel. Eit bilete teke frå lufta kan òg vise fram mønster som du ikkje oppdagar frå normalperspektiv.
