Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Å arbeide innan kunstfeltet

Det finst fleire yrkesmoglegheiter innan kunstfeltet enn du kanskje er klar over. Bli med på utstilling på Henie Onstad Kunstsenter og til Nasjonalmuseet og bli kjend med nokre av dei.

Film: Utstilling av kunst

I filmen under (lengde 09:17) møte vi nokre av dei som jobbar med å lage utstillingar og aktivitetar på Henie Onstad Kunstsenter.

Video: Leidar / Avgrensa gjenbruk

Nokre arbeidsområde innan kunstfeltet

Kurator

Ein kurator har ansvar for å utvikle og organisere utstillingar. Ei kunstutstilling kan ha eit tema og vise fram kunstverk frå ein eller fleire kunstnarar. Kuratoren vel ut kva kunstverk som skal stillast ut, og korleis dette skal gjerast på ein god måte.

Kunstformidlar

Ein kunstformidlar tek imot besøkande i eit kunstmuseum eller i eit galleri og har gjerne spesialkompetanse på visuell kunst, samtidskunst eller kunsthistorie. Arbeidsoppgåvene til formidlarane er å utvikle og gjennomføre omvisingar og undervisningsopplegg. Dei må vere flinke til å kommunisere slik at det det blir fortalt om, blir forståeleg for mottakarane.

Gallerist

Ein gallerist leier eit galleri og har ansvar for sal av kunst og drifta av galleriet. Galleristen kan representere kunstnaren, altså vere den som tek inn arbeid frå ein kunstnar og sel dei vidare.

Kunstlærar

Å undervise innan kunstfag skjer på kulturskular og i grunnskulen, vidaregåande skule og innan høgare utdanning. Dersom du vil bli kunstlærar, kan du ta lærarutdanning i design, kunst og handverk eller kombinere kunstfagleg og pedagogisk utdanning.

Konservator

Ein konservator er spesialist på korleis kunstverk og kulturhistoriske gjenstandar skal bevarast og restaurerast.

Kunsthistorikar

Ein kunsthistorikar arbeider ofte ved museum, universitet eller i offentleg forvaltning. Kunsthistorikarane kan vere både forskarar og foredragshaldarar, og dei kan gi råd og rettleiing til andre som jobbar med kunst.

Film: Menneskesønnen, Skredsvig

Eit av dei største måleria som Nasjonalmuseet eig, måtte monterast før det kunne hengast opp i utstillinga. I filmen under (lengde 02:26) får vi vere med på dette arbeidet, og ein kunsthistorikar fortel litt om måleriet Menneskesønnen av Christian Skredsvig.

Tenk over

Kva type jobb av dei som er nemnde over, passar best for deg?

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 03.06.2026