Å lage ei utstilling

Kva skal du stille ut?
Å stille ut alle kunstverka du har skapt og har på lager, er ikkje ein god idé. Du må ha ein strategi for å velje ut kva du skal stille ut. Du må gå inn i rolla som kurator, altså den som vel ut kunstverk som skal med i utstillinga.
Vel eit tema for utstillinga
Når du vel eit tema for utstillinga di, vil ho opplevast meir som ein heilskap. Fargar, stil og teknikkar kan òg vere noko som skaper samanheng.
Kvalitet framfor kvantitet
Vel ut dei kunstverka du er mest nøgd med, og som har god kvalitet. Det kan sjølvsagt bety at du må velje bort nokre kunstverk som betyr mykje for deg personleg, men som ikkje har god nok teknisk kvalitet. Det motsette kan òg vere tilfelle. Eit kunstverk som er teknisk perfekt, manglar kanskje noko av den kunstnariske kvaliteten du vil ha i utstillinga.
Fotografer kunstverka
Når du har valt ut kunstverka du skal ta med, er det lurt å fotografere dei. Bileta kan du bruke i ein utstillingskatalog og for å marknadsføre utstillinga. Om du sel bileta dine, er det òg nyttig for deg å ha foto av din eigne verk. I denne artikkelen kan du lese om korleis du tek gode bilete av teikningar og måleri.
Kvar skal utstillinga vere?
Nokre kunstnarar kan ha utstilling i atelieret sitt, mens andre må leige eller låne lokale som eignar seg. Det er alltid mange praktiske gjeremål som må til for få i stand ei utstilling.

Finne lokale til utstillinga
Eit kunstgalleri er ein openberr stad for ei utstilling, men det kan vere vanskeleg å få innpass i eit galleri. Du kan vurdere moglegheitene på ein lokal kafé, i eit bibliotek, eller du kan høyre om du får lov til å bruke eit butikklokale som står tomt.
Transport av kunstverka
Planlegg korleis du skal få kunstverka frå atelieret til utstillingsplassen. Anten du har eigen bil eller betaler for transport, må du legge ein plan for sikker transport av arbeida dine.
Korleis skal kunstverka presenterast?
Korleis du vel å presentere verka dine, påverkar publikums oppleving av kunsten din.
Presentasjon av bilete og skulpturar
Viss kunsten din er bilete, kan dei sjå betre ut om du rammar dei inn. Når du skal velje løysing for innramming av bileta, må du ta stilling til kva du har økonomi til. Ein rammeverkstad kan gi deg gode råd og har som regel materiale av god kvalitet. Det betyr at det blir dyrare enn å kjøpe inn billige rammer. Ei anna løysing er at du lærer deg å lage rammer sjølv.
Nokre kunstnarar lagar skulpturar eller andre objekt. Då bruker dei gjerne hyller og podium som kunstverka kan stå på. Nokre kunstverk kjem best fram om dei heng frå taket.
Plassering av kunstverka
Heng bilete opp slik at midten av biletet er i augehøgda til ein vaksen person. Storleiken på biletet er sjølvsagt viktig for om du kan følge dette prinsippet eller ikkje.
Skulpturar og kunstobjekt må plasserast slik at folk kan studere dei utan å risikere å dulte borti dei.
Du kan ha nytte av å lage ein liten modell av utstillingslokalet. Det kan gjere det lettare å planlegge utstillinga og å få til ein god heilskap.

Merking av kunstverka
Kvart kunstverk bør ha eit lite skilt med tittel og informasjon om kva teknikkar som har blitt brukte. Skilta skal ikkje ta merksemd frå kunsten din, bruk derfor ei nøytral og profesjonell skrift.
Marknadsføring
For å få folk til å komme til utstillinga, må dei få vite om henne. Det er viktig å spreie bodskapen i god tid på førehand.
Lag ein utstillingsplakat

Plakatar som fortel om utstillinga, kan hengast opp på stader der du tenker at folk i målgruppa vil få auge på dei. La plakaten fungere som eit blikkfang. Du kan bruke foto av eit kunstverk og tittelen på utstillinga på plakaten. Informasjon om tid og stad for utstillinga må du òg ha med.
Mange butikkar, skular, foreiningslokale, kulturhus og bibliotek har ei oppslagstavle. Spør om du kan få henge opp plakaten din der.
Sosiale medium
Du kan nå mange ved å spreie bodskapen om utstillinga på sosiale medium.
Start med å dele plakaten for utstillinga på dei sosiale media du bruker, men vurder òg om du vil dele korte videoklipp der du viser fram smakebitar frå når du førebur utstillinga.
Vernissasje og dialog med publikum
Opninga av ei ny utstilling blir ofte kalla vernissasje og kan vere nervepirrande for kunstnaren som stiller ut verka sine. Ei utstilling kan vere tilgjengeleg for publikum over ein lengre periode.
Vernissasje
Utstillingsopninga er ofte som ein fest der du som kunstnar er vertskap. Du skal ta imot publikum og ønske dei velkommen. Kanskje vil du seie nokre ord om arbeidet ditt? Kanskje vil ein venn halde ein tale og gratulere deg med utstillinga?
Viss utstillinga er tilgjengeleg over ein lengre periode, er det ikkje venta at du som kunstnar er til stades utanom på vernissasjen.
Dialog med publikum
Du bør vere førebudd på at publikum vil vere nysgjerrig på kunsten din og deg som kunstnar. Du kan få spørsmål om teknikkar, arbeidsmetodar, bodskap og meir. Bruk spørsmåla som startpunkt for ein hyggeleg samtale!

Oppgåve
Legg ein plan og gjennomfør ei utstilling saman med klassen din.
Råda i denne artikkelen gir tips om korleis du som ferdig kunstnar kan planlegge ei utstilling. Tilpass dei slik at dei òg passar for kunstelevar