Oppvarming til teikning og kreativitet
1) Teikne i lufta
Dette er ei fin øving for å varme opp musklane før du skal teikne. Teikn store former, som sirklar, firkantar, trekantar og spiralar, i lufta. Bruk heile armen.
I filmklippet under (lengde 1:08) ser vi Pablo Picasso som teiknar ein okse. Han teiknar ikkje i lufta som i øvinga, men legg merke til korleis han bruker heile armen.
Forslag til utstyr
skisse- eller teiknepapir i A3-format
blyantar med ulik hardleiksgrad
kolstift
fargeblyantar
2) Blindkonturteikning
Teikn ein gjenstand eller ein person utan å sjå på arket mens du teiknar. Dette skjerpar observasjonsevna.
3) Teikne utan å løfte blyanten
Teikn tre til fem objekt som står saman i ei gruppe, med ein samanhengande strek.
4) Variere streken
Teikn parallelle, rette linjer med til dømes ein blyant på eit ark. Utforsk forskjellar i kvaliteten på linjene etter kor mykje trykk du bruker, og om du bruker spissen eller sida av blyanten. På neste ark gjer du det same, men med linjer som har ulike kurver.
5) Fylle arket med fantasikomposisjonar
Teikn opp små ruter og fyll dei med komposisjonar med tilfeldige flater, linjer og former. Bruk fantasien. Kor mange komposisjonar greier du å lage i løpet av eit kvarter?

6) Rask karakterutvikling
Teikn tre raske karakterar, til dømes dyr, robotar eller personar. Bruk toppen fem minutt.

7) Observasjon av linjer og valørar
Krøll saman eit kvitt ark og legg det framfor deg. Teikn det samankrølla papiret. Få med både linjer og dei ulike valørane.
