Kunst i renessansen

Renessansen
Renessansen er ein periode frå cirka 1350 til ut på 1600-talet. I filmen under (lengde 2:31) får du ein introduksjon til renessansen som epoke.
Nye oppdragsgivarar
Det meste vi kjenner av biletkunst i mellomalderen, var bestilt av kyrkja. Motiva var først og fremst symbolske og skulle stadfeste verdsoppfatninga til kyrkja.
I renessansen var det stor økonomisk oppgang. Dette førte til at kunstnarane fekk oppdrag frå velståande oppdragsgivarar. I ein del europeiske byar vaks det fram ein ny overklasse av handelsmenn som òg ville ha ikkje-religiøs kunst.
Nytt syn på kunstnaren
Renessansen sette mennesket i sentrum. Mennesket blei sett på som ein unik skapning med evner, kjensler og tankar. Dette gjorde at statusen til kunstnarane forandra seg. Dei blei sett på som skaparar og intellektuelle, ikkje berre handverkarar. No skulle namnet på kunstnaren følge med kunstverket, og nyskaping blei påskjønna.
Perspektiv

Perspektiv er teknikkar vi bruker for å skape djupneverknad i bilete. Då kunstnarane oppdaga prinsippa for perspektivet, kunne dei gjengi rom på ein meir realistisk måte.
Klarleikperspektiv
Konturar og deltaljar blir mindre tydelege innover i biletet.
Fargeperspektiv
Fargane blir meir duse i bakgrunnen.
Linjeperspektiv
Linjer som går innover i biletet, møtest i eit forsvinningspunkt. Dette punktet er avhengig av augehøgda til betraktaren. Linjeperspektiv med eitt forsvinningspunkt blir òg kalla sentralperspektiv.
Den italienske arkitekten Filippo Brunelleschi var ein av dei første som forstod korleis sentralperspektivet kunne brukast til å skape djupne i bilete tidleg på 1400-talet.
Masaccio (1401–1428)
Masaccio var blant dei første til å utforske korleis vi kan skape djupne i eit flatt måleri. Dette blei ein inspirasjon for seinare kunstnarar.
Italienske renessansekunstnarar
Leonardo da Vinci (1452–1519)

Leonardo da Vinci var bilethoggar, arkitekt, ingeniør og vitskapsmann, men såg på seg sjølv først og fremst som kunstnar. Han var nysgjerrig og hadde kunnskap og interesse for mange ulike fagområde. Heile tida ville han utvikle seg vidare, både intellektuelt og kunstnarisk. Gjennom å dissekere lik studerte han detaljar i menneskekroppen ned til kvar minste detalj.
Måleteknikk i Mona Lisa
Leonardo utvikla sin særeigne måte å måle på. Dette kjem klart fram i eit av hans mest kjende måleri: Mona Lisa. Fargane er bygde opp i tynne lasurlag, slik at dei verkar mjuke og skuggeaktige. Denne teknikken blir kalla sfumato. Tydelege linjer og konturar blir viska bort, og det blir glidande overgangar mellom lys og skugge. Dei mjuke valørovergangane gjer at vi kan oppleve at Mona Lisa skiftar uttrykk.
Nattverden
I eit kloster i Milano måla Leonardo Jesus og dei tolv disiplane hans direkte på murveggen. Det ser nesten ut som dei sit til bords saman med munkane i klosteret. Her brukte han freskoteknikk. Det vil seie å måle med fargepigment på våt murpuss. Når murpussen stivnar, er fargane bundne fast i han.

Komposisjonen i biletet er bygd opp symmetrisk med bruk av sentralperspektiv. Alle linjene innover i biletet går mot eit forsvinningspunkt. Dette er plassert i midten, der Jesus sit. Jesus har nettopp fortalt at ein av disiplane vil forråde han. Leonardo har gitt kvar enkelt person i biletet eigne ansiktsuttrykk og får fram reaksjonane deira. Måleriet er kjent for djupneverknaden og for detaljane sine, og det har hatt stor innverknad på seinare kunstnarar.
Michelangelo (1475–1564)
Michelangelo vaks opp i Firenze og blei i ung alder med i det kunstnariske og akademiske miljøet. Han hadde stort talent både som teiknar, arkitekt og bilethoggar.

Pietà
Marmorskulpturen Pietà er eit ungdomsarbeid av Michelangelo. Skulpturen viser Marias sorg over den døde sonen sin. Sorga blir vist gjennom kroppsspråket og ved at ho slår hjelpelaust ut med venstre hand.
Anatomien viser at Michelangelo har studert skulpturar frå antikken. Han blei banebrytande innanfor fleire kunstuttrykk.

Det sixtinske kapellet
I 1508 fekk Michelangelo i oppdrag frå paven å måle taket i Det sixtinske kapellet i Vatikanet i Roma. Adams skaping er den mest berømte delen av takmåleriet, der Gud strekker ut handa og gir liv til det første mennesket.
Utforsk måleria i Det sixtinske kapellet
Du kan ta ein virtuell tur i Det sixtinske kapellet på nettsidene til Vatikanmusea.
Rafael (1483–1520)
Rafael blei fødd i Urbino og blei tidleg ein del av eit rikt kulturmiljø innanfor pavehoffet. Han blir òg rekna som ein av meistrane frå renessansen. Kunstnaren kombinerer skjønnheit, harmoni og djupne i måleria sine. Menneska han beskriv, får liv gjennom ansiktsuttrykk, kroppsspråk og rørsle.

Skulen i Athen
I Skulen i Athen står filosofane Aristoteles og Platon som eit naturleg midtpunkt. Aristoteles peikar mot bakken og Platon mot himmelen. Gjennom dette antydar Rafael at kyrkja ønsker å sameine religiøs tru med vitskapeleg kunnskap.
Rundt hovudpersonane har han måla fleire filosofar og vitskapsmenn kledde i drakter frå antikken. I bakgrunnen strekker det seg ut ein lang korridor med høge kvelv. Dette skaper perspektiv i biletet. Nedst i høgre hjørne har Rafael plassert seg sjølv.
Sandro Botticelli (1445–1510)
Botticelli blir òg rekna som ein av dei viktigaste målarane i renessansen. Fleire av måleria hans er inspirerte av mytologi. Dei mest kjende er Våren og Venus´ fødsel.
Botticellis spesielle målestil viser grasiøse figurar, gjerne med ei idealisert skjønnheit. Han har ein levande strek og bruker tydelege konturar. Verka hans kan ha ei drøymande og romantisk stemning med lyse og klare fargar.

Sofonisba Anguissola (1532–1625)

Sofonisba Anguissola blei fødd inn i ein adeleg familie. I renessansen var det ikkje vanleg å gi jenter noka utdanning, men Sofonisba og søstrene hennar fekk opplæring i målarkunst.
Anguissola var ei av dei første kvinnene som oppnådde anerkjenning som kunstnar. Michelangelo blei imponert over talentet hennar og gav henne råd og rettleiing. Ho brukte sterke fargar og modellerte fram lys og skuggeverknader. Etter kvart blei ho kjend for den tekniske dyktigheita si og evna til å fange personlegdom og kjensler i menneska ho framstilte.
Som adeleg kunne ho ikkje selje arbeida sine. Men då den spanske dronninga kalla henne til seg som arbeidande hoffdame, kunne ho ta oppdrag. Ho spesialiserte seg på portrett og måla heile livet.
Lavinia Fontana (1552–1614)

Lavinia Fontana var ein italiensk målar som blei kjend for portrett i tillegg til religiøse måleri. Ho begynte tidleg i lære hos far sin, Prospero Fontana. Han var ein kjend renesanssekunstnar, som arbeidde for paven. Etter kvart starta han sin eigen målarskule.
Lavinia Fontana var ei av få kvinner som fekk ein profesjonell karriere som målar. Ho arbeidde både for private og offentlege oppdragsgivarar. Ved slutten av 1570-åra hadde ho oppnådd ein viktig posisjon som portrettmålar for den sosiale eliten i Bologna og Roma. Ho var òg den første kvinnelege kunstnaren som fekk i oppdrag å måle altertavler i store format.

Nordeuropeisk kunst

Biletkunsten nord for Alpane var mindre påverka av antikken enn dei italienske meistrane var. Men her òg var kunstnarane opptekne av å skape naturtru kunst. Brørne Hübert og Jan van Eyck arbeidde i Nederland og måla god nordeuropeisk renessansekunst.
Oljemåling
Brørne van Eyck begynte å bruke olje som bindemiddel. Då fekk målinga meir glans. Dei kunne jobbe lag på lag og skape mjuke overgangar mellom fargeflatene. Slik kunne dei gjengi vakre overflater og blei meistrar i å måle fine detaljar.
Jan van Eyck (1330–1444)
Jan van Eyck arbeidde systematisk ut frå perspektivlinjer. Gjennom biletet Arnolfinis bryllaup viser han korleis vi opplever forkortingar når hovudpersonane står vende mot oss. Biletet har fleire detaljar, som tøflar på golvet, ein rosenkrans på veggen og frukt i vindauget. I spegelen på veggen ser vi kunstnaren som arbeider. Slik får han vist sin eigen status og at han var vitne til hendinga.

Albrecht Dürer (1471–1528)
Albrecht Dürer var ein tysk målar og grafikar. Han studerte naturen nøye og er kjend for detaljrike teikningar, måleri, koparstikk og tresnitt.


Dürer reiste mykje, òg til dei italienske byane. Møte med andre kunstnarar og intellektuelle bidrog til kulturell utveksling. Han fordjupa seg i anatomi og kombinerte den italienske oppdaginga av linjeperspektivet med den tyske tradisjonen for detaljert observasjon. Slik fekk verka hans ein unik realisme og djupne.
Attskape verkelegheita
Kunstnarane i renessansen beundra antikken og ville markere eit skilje frå den nære fortida, som dei kalla mellomalderen. Dei studerte antikke verk, naturen og proporsjonane i menneskekroppen. Samtidig tenkte dei nytt og utvikla kunsten vidare.
Oppdaginga av perspektivet hjelpte dei til å skape illusjon av djupne. Oljemåling gav dei nye høve til å gjengi lys- og skuggeverknader og til å jobbe med detaljar. Dette gjorde at dei kunne måle landskap og portrett med nesten fotografisk likskap.
Kva veit du om renessansen?
Relatert innhald
Undersøk kva som er typisk for biletkunsten i renessansen, eksperimenter med motiv og fargar, og skap ditt eige uttrykk.