Analyser eit madonnabilete frå renessansen

Oppgåve: Studer eit madonnamåleri
Dei katolske monarkanes Jomfru av Fernando Gallego (cirka 1490) er eit oljemåleri frå den spanske renessansen. Måleriet viser jomfru Maria som held Jesusbarnet. Framfor henne står den spanske kongefamilien og fleire prestar.
Klikk på plussteikna i biletet under for å få meir informasjon om dei ulike delane av motivet.
Del 1: Beskriv madonnaa
Korleis framstiller målaren madonnaskikkelsen (jomfru Maria) i dette biletet?
Del 2: Komposisjon
I fagartikkelen "Forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn" får du ei innføring i korleis vi kan dele inn biletflata. Korleis er dette gjort i måleriet: Dei katolske monarkanes jomfru?
Beskriv kva som er plassert i forgrunnen.
Kvifor er nettopp desse elementa plasserte der?Kva er i mellomgrunnen?
Kvifor er desse elementa plasserte der?Kva ser du i bakgrunnen?
Kva slags verknad får dette?
Forklar nærare korleis biletet er komponert.
Kvar leier linjene i biletet?
Finn du nokon gjentakingar?
Kva kan komposisjonen fortelje?
Del 3: Fargebruk
- I biletet finn vi eit samspel mellom varme og kalde fargar. I kva delar av måleriet er det brukt kalde fargar? Kva slags verknad får dette?
Jomfru Maria har purpurraud kappe. Kva symboliserer denne raudfargen?
Del 4: Symbolbruk
Eit symbol er eit visuelt teikn som vi har lært oss betydninga av. Symbol kan setje det vi ser inn i ein djupare samanheng. Beskriv symbola du finn i måleriet, og forklar kva dei betyr.
Del 5: Kontekst
Kontekst er samanhengen noko er i. I eit historisk verk bør vi sjå nærare på tida det blei skapt i.
Kva fortel Dei katolske monarkars Jomfru om det spanske samfunnet og tidsperioden måleriet blei til i?
Les artikkelen "Kunst i renessansen". Kjenner du igjen nokon typiske trekk frå renessansen i måleriet?
Les artikkelen "Kunst i mellomalderen". Ser du ei endring frå biletkunsten i mellomalderen?
Relatert innhald
Komposisjon hjelper deg å formidle bodskapen din meir effektivt. Komposisjon blir brukt i måleri, foto, i fysiske kunstverk og samlingar av kunstverk.
Leielinjer som visuelt verkemiddel er når ein medvitent lar linjer i ein komposisjon leie betraktarens blikk i bestemde retningar.