Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Lag dekor inspirert av Urnes stavkyrkje

Har du sett korleis slangar og firbeinte dyr kan slynge seg rundt kvarandre i vakre utskjeringar i tre? I denne oppgåva skal du studere ornamentikken i Urnes stavkyrkje. La deg inspirere til å skape din eigen dekor.

Til læraren

Denne oppgåva kan eigne seg til å jobbe tverrfagleg med design og arkitektur. Då kan de legge vekt på at dekoren eleven utviklar, skal brukast som dekor på eit sjølvvalt produkt, til dømes eit møbel, eit smykke eller ein kopp, eller ein portal til eit inngangsparti. (Sjå nærare beskriving i punkt 5 under del 3.)

Dersom elevane prøver ut dekoren i eit design, kan dei gjerne bruke plastilin for å få fram tredimensjonal form.

I vedlegget finn de foto av Urnesportalen og detaljbilete av dekoren på toppen av søylene (kapitela). Bileta er tekne av Guri Dahl frå Norges Verdensarv og skal berre brukast i undervisningssamanheng.

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn og er truleg den eldste av dei bevarte stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja blei bygd i romansk stil i mellomalderen, nærare bestemt rundt år 1130. Fleire av treskjeringsarbeida er likevel eldre.

Urnesportalen stammar frå ein eldre kyrkjebygning frå 1070. Ornamentikken i han er kjend som urnesstilen, den yngste stilarten frå vikingtida. I filmen under (lengde 1:32) får du sjå naturen rundt kyrkja, detaljar i arkitekturen og i interiøret, og du får òg sjå kyrkjebygget i bruk.

Video: Norges Verdensarv / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1: Studer ornamentikk frå vikingtida

  1. Les artiklane om Ornamentikk og Dyreornamentikk i jernalder og vikingtid.
    Kva kjenneteiknar ornamentikken frå vikingtida?

  2. Studer fleire bilete med dekor frå Urnes stavkyrkje. Her kan du bruke fotoserien under, som viser dekoren på kapitela på toppen av søylene. Legg merke til:

    • motiv
      Finn du nokon symbol?

    • komposisjon
      Korleis er elementa sette saman?

    • materialbruk
      Beskriv materialbruken og korleis du opplever teksturane.

Fagord knytte til søyler
Kapitel
er den utsmykka, øvste delen av ei søyle. Det finst ulike stilar av kapitel, avhengig av kva for arkitektonisk periode vi snakkar om. Den viktigaste funksjonen til søylene er å bere vekta av det som ligg over dei, men dei blir òg brukte dekorativt.

Treskjeringsarbeid frå andre halvdel av 1000-talet

I arkivet har vi funne eit gammalt filmklipp (lengde 6:12) frå Urnes stavkyrkje. Her ser vi nærare på dei eldste utskjeringane i tre, som stammar frå ei eldre kyrkje, og vi høyrer meir om symbolbruken.

Professor Signe Fuglesang viser og forklarer dekorbruk i dei eldste treskjeringsarbeida i Urnes stavkyrkje. Ho er særleg kjend for forskinga si på kunst frå vikingtida. Video: NRK / Avgrensa gjenbruk

Del 2: Lag ei studieteikning av ein detalj

Utstyr

  • Reiskapar: gråblyant, kol eller fargekrit

  • Teknikk: valfri

  • Teiknepapir: 10 cm x 15 cm i liggande eller ståande format viss du vel blyantsteikning. Vil du jobbe med kol eller fargekrit, bør du bruke større format.

I ei studieteikning er målet å utforske og bli kjend med eit motiv. Du skal altså studere former, proporsjonar og lys- og skuggeverknader og prøve å gjengi det nøyaktig.

  1. Vel ut ein detalj av dekoren frå Urnes stavkyrkje. Det kan til dømes vere eit utsnitt av Urnesportalen eller frå dekoren på den øvste delen av søylene (kapitela).

  2. Studer formene i dekoren og gjengi dei med ei lett oppteikning.

  3. Bruk skraveringsteknikk for å skape valørar som viser volum, tekstur og skuggespel.


Del 3: Lag din eigen dekor

Utstyr

  • Reiskapar: gråblyant, kol eller fargekrit

  • Teknikk: skraveringsteknikk

  • Teiknepapir: A4 eller A3-format

Lag din eigen dekor med inspirasjon frå dekor som er brukt i Urnes stavkyrkje.

  1. Vel først eit dyr som du vil bruke som utgangspunkt for dekoren din. Vel deretter anten alternativ a) eller b):

    a) ein plantetype som passar til dette dyret, til dømes tang viss du har valt ein fisk, eller eit tre viss du har valt ein fugl
    b) eit anna dyr som dette dyret kan stå i relasjon til, til dømes katt og mus eller fugl og meitemakk

  2. Teikn mange skisser der du forenklar motiva og prøver å setje dei saman på ulike måtar. Bruk urnesstilen som inspirasjon.

  3. Vel ei av skissene som du vidareutviklar til eit ornament. Repeter så formene på ulike måtar. Prøv ut

    • gjentaking

    • spegelvending

    Legg merke til kva som skjer i mellomromma som oppstår mellom formene.

  4. Vel eit dekorforslag og teikn det opp.

    • Finn ei god plassering på arket, og teikn dekoren med lett oppteikning.

    • Bruk skravering for å skape valørar som viser volum, tekstur og skuggespel.

  5. Sjå for deg at du kan bruke denne dekoren i eit designobjekt eller i arkitektur,

    til dømes i interiør eller eksteriør, i ein bruksgjenstand eller eit smykke.

    • Teikn skisser der du prøver ut dekoren i eit design.

    • Jobb gjerne med plastilin for å få fram tredimensjonal form. Ta i så fall bilete av arbeidsprosessen og resultatet.

Kjelder

Danbolt, G. (2009). Norsk kunsthistorie: bilde og skulptur frå vikingtida til i dag. Samlaget.

Haugan, I. (2019, 21. mars). Er utsmykningene på Urnes stavkirke egentlig hedenske? Forskning.no. https://www.forskning.no/kunsthistorie-ntnu-partner/er-utsmykningene-pa-urnes-stavkirke-egentlig-hedenske/1313378

Norges Verdensarv (u.å.). Urnes stavkirke. https://www.norgesverdensarv.no/urnes-stavkirke

Relatert innhald

Stilisering – kva er det?

Stilisering er når vi framstiller noko mykje meir forenkla enn det er i verkelegheita. Stiliseringa må ha nok likskap til at vi kan kjenne att kva det er.

Positiv og negativ form

Ein gjenstand du teiknar, er ei positiv form. Dei tomme områda som er rundt han eller i mellomromma, blir kalla negative former.

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper, Inger Gilje Sporaland og Lena Stenseth.
Sist oppdatert 13.01.2025