Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Kan KI lage bilete som representerer ulike epokar?

Gjennom skuleåret på vg1 skal du bli kjend med vestleg kunst fram til 1600-talet. Vel ein epoke og sett dykk inn i korleis det visuelle uttrykket var då. Bruk ein biletrobot til å skape illustrasjonar som får fram det tidstypiske. La så dei andre gjette kva epoke biletet skal representere.

Til læraren

Denne oppgåva kan vere ein fin repetisjon på slutten av skuleåret. Bruk gjerne innhald frå læringsstien Bli god på instruksar som ein inngang.

Del 1: Studer dei to KI-genererte bileta

  1. Biletet til venstre er generert i Adobe Firefly med denne instruksen: "Lag eit bilete med motiv som er typisk for renessansen. Det skal ha same djupne som himmelkvelvingen Michelangelo måla i Det sixtinske kapellet."

  2. Biletet til høgre er generert med ChatGPT 4o med same instruks: "Lag eit bilete med motiv som er typisk for renessansen. Det skal ha same djupne som himmelkvelvingen Michelangelo måla i Det sixtinske kapellet."

Tenk over

  • Kvifor er dei to bileta så ulike?

  • Korleis representerer dei to bileta renessansen, og korleis gjer dei det ikkje?

  • Diskuter kva ord i instruksen som kan ha vore viktigast for den visuelle attgivinga til biletroboten.

Del 2: Samarbeid i grupper på to–tre elevar

  1. Vel ein tidsepoke de har hatt om i kunst- og kulturhistorie. Repeter kva som kjenneteiknar biletkunsten i denne perioden, og noter stikkord. De kan velje mellom desse:

  2. Finn eit bilete frå perioden som de vil ha som utgangspunkt for å generere nye illustrasjonar. Vel element i biletet som de vil ta med vidare. Bruk NDLA sin eller ein annan godkjend biletrobot, og samarbeid om å skrive instruks til han. Beskriv motivet de har valt, og det visuelle uttrykket som kjenneteiknar perioden.

    • Kor gode blir bileta roboten genererer ved hjelp av KI?

    • Samanlikn resultata. Diskuter kva bilete som treffer best på epoken og kvifor.

    • Kva legg biletroboten til av eigen stil?

NDLAs biletrobot

Hugs å bruke godkjende biletrobotar når du skal generere bilete. NDLAs biletrobot finn du under "Prøv robotane våre" når du loggar inn på Min NDLA. Alle KI-robotane til NDLA er personvernsikre, tek omsyn til opphavsrett og er spesielt tilrettelagde for bruk i opplæring.

Del 3: Gjett kva epoke

Vel dei to beste biletdøma og la dei andre gruppene gjette kva epoke de har valt. Diskuter kva som gjer at dei klarer å kjenne igjen det visuelle uttrykket frå perioden – eller eventuelt ikkje.

Bruk gjerne karusellmetoden

Halvparten av gruppene står i ein sirkel. Den andre halvparten står i ein sirkel innanfor. Den ytste sirkelen roterer med klokka etter eit gitt antal minutt. Slik får alle gruppene i den ytre sirkelen snakka med alle gruppene i den indre sirkelen.

Del 4: Samanfatt felles i klassen

  1. Kva erfaringar gjorde de då de skulle generere tidstypiske bilete frå ulike periodar ved hjelp av KI?

  2. Kva synest de om dei KI-genererte uttrykka?

  3. Kva kan KI hjelpe oss med, og kva avgrensingar har verktøyet?

  4. Diskuter i klassen korleis tidlegare tiders kunstuttrykk kan inspirere oss til å skape våre eigne uttrykk.

Relatert innhald

Korleis setje saman ein instruks

Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar instruksar til praterobotar.

Skrive av Inger Gilje Sporaland og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 22.01.2025