Rollespel i konflikthandtering - Kultur og samhandling (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Rollespel i konflikthandtering

Rollespel er ein god måte å førebu seg på arbeidssituasjonar. Rollespel aukar ferdigheitene dine når det gjeld å møte konfliktsituasjonar. Ved å gjennomføre rollespel kan du òg forstå ulike situasjonar betre, som igjen er med på å gjere deg betre førebudd.

Oppgåve

Jobb saman to og to. Den eine har rolla som kunde, den andre som tilsett.

Vel mellom oppgåve A eller B. I begge oppgåvene er det viktig at alle tek det dei skal gjere seriøst.

  1. Skriv først dialogen mellom medarbeidaren og kunden. Læraren kan gjerne komme med innspel/kommentarar på dette og eventuelt òg setje karakter.
  2. Framfør deretter dialogen som rollespel for lærar og klassen.

A) Klesbutikk – ein kunde med kjærleikssorg

Kunden har akkurat gjort det slutt med kjærasten og har kjærleikssorg. Butikkmedarbeidaren i klesbutikken er i ferd med å stenge butikken, og klokka er 18. Butikkmedarbeidaren møter kunden og seier: "Vi har dessverre stengt." Kunden blir raskt irritert og tek ein ufyseleg og usakleg tone.

Kunden skal prøve å overtale butikkmedarbeidaren til å sleppe hen inn i butikken. Butikkmedarbeidaren skal kjenne korleis det er å bli kjefta på, og skal på same tid prøve ut prinsippa for konflikthandtering.

B) Leikebutikk – ein rusa kunde

Butikkmedarbeidaren jobbar i ein leikebutikk på eit kjøpesenter. Ein kunde er rusa og på veg inn i butikken. Butikkmedarbeidaren ønsker ikkje denne kunden inn i butikken. Oppgåva til butikkmedarbeidaren er å hindre kunden i å komme inn i butikken, på same tid som hen prøver ut prinsippa for konflikthandtering.

Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 13.05.2024