Hopp til innhald
Fagartikkel

Personleg framferd og åtferd

Når du jobbar i reiselivsbransjen, er den personlege framferda di ein viktig del av vertskapsrolla. Du må tilpasse både åtferd, klesdrakt og kroppsspråk til arbeidssituasjonen.

Vertskapsrolla handlar ikkje berre om å ønskje velkommen, men òg om å bidra til at heilskapsinntrykket av bedrifta blir positivt. Eit positivt heilskapsinntrykk er viktig både for omdømmet til bedrifta og for å etablere lojalitet hos gjestane. Som vertskap i reiselivsbransjen er det heilt nødvendig at du evnar å ta hand om mange typar menneske.

Den avgjerande augeblinken

Det første møtet er alltid viktig. Førsteinntrykket gir deg ofte eit lite innblikk i personlegdommen til gjesten, men det kan òg sende deg i feil retning. Du kan komme i skade for å gjere deg opp ei meining om vedkommande som kan vise seg å vere feil. Det er derfor viktig at åtferda di viser at du som profesjonell representant for arbeidsplassen prøver å skaffe innsikt i kva behov og ønskjer gjesten har.

Det er lett å dømme folk etter førsteinntrykket. Men hugs at jobben din er å gjere ditt beste for at alle gjestene skal føle seg velkomne.

Ønskjer vi ein gjest velkommen med eit smil, skaper vi ein positiv relasjon. Det er viktig å tenkje på at du sender ut signal som gjestene ser på som positive.

Rolla di som vert vil bli lagd merke til av gjestane, og det er viktig å gjere sitt beste for at kvar enkelt gjest blir teken vare på. Eit profesjonelt vertskap sørgjer for at alle gjestane har det triveleg.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Hilde Morseth.
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020