Oppgåve
Video
Konflikthandtering i praksisbedrifta
Konfliktar kan oppstå overalt, også i praksisbedrifta di. Det kan oppstå konfliktar mellom tilsette, tilsette og leiaren, eller konfliktar med kundar og leverandørar. Derfor er det viktig å lære om konflikthandtering – sjå filmen frå NRK nedanfor (lengde 02:32).
Oppgåve 1: Handtering av klager og konfliktar
- Korleis kan det oppstå konfliktar i praksisbedrifta di?
- Kva typar konfliktar kan oppstå i praksisbedrifta di?
- Kva konfliktar har du sjølv opplevd eller observert?
- Korleis vart disse konfliktane løyste?
- Kva tiltak har praksisbedrifta di sett i verk for å førebyggje konfliktar?
- Kva tiltak kan bedrifta setje i verk dersom det skulle oppstå konfliktar?
Oppgåve 2: Rolla di
- Lag ei hugseliste til deg sjølv om korleis du kan bidra til å førebyggje konfliktar hos praksisbedrifta di, og forslag til løysingar på konfliktsituasjonar som du fann i oppgåve 1.