Oppgave
Diskuter konflikthandtering
Konfliktar kan vere ein trussel mot trivselen og tryggleiken til ein medarbeidar. Har du kunnskap om konfliktar, og er mentalt førebudd, har du betre føresetnader for å løyse dei.
Tips til gjennomføring
Diskuter oppgåvene i grupper.
Alle tek eigne notat.
Når alle oppgåvene er gjorde, lag nye grupper og presenter svara for kvarandre.
Oppgåve 1
Diskuter konfliktar de har opplevd. Del opplevingane med dei andre i gruppa.
Korleis blei desse konfliktane løyste?
Nemn dei positive og dei negative erfaringane dykkar.
Korleis kan konfliktar vere ein trussel mot tryggleiken til ein medarbeidar?
Oppgåve 2
Diskuter kva betydning kroppsspråket har for korleis vi blir oppfatta av andre. Forklar korleis kroppsspråket kan påverke ein konfliktsituasjon.
- Konfliktar på arbeidsplassen kan vere ein stressfaktor. Diskuter kva sjukdommar langvarig stress kan føre til.
Oppgåve 3
Du arbeider som vektar på eit kjøpesenter når du ser ein rusa, ukjend mann drikke av ei colaflaske med klart innhald.
- Du vil få han ut av kjøpesenteret, men helst utan at det oppstår konflikt. Forklar kva du vil gjere.
- Rett før utgangsdøra stoppar mannen og seier: "Eg skal ikkje ut!" Kva gjer du?