Oppgave
Å finne «bølgjelengda» til gjesten
Ein profesjonell serviceytar skal kunne snakke med alle menneske. Korleis kan vi finne «bølgjelengda» til kvar enkelt gjest, og kva er god kommunikasjon?
Gå saman to og to. Den eine tek rolla som servicearbeidar, den andre tek rolla som gjest.
Del 1: Førebuing
Skriv nokre stikkord om rolla du skal spele (som til dømes alder, kjønn, utdanning, heimstad, livssituasjon).
Del 2: Gjennomføring
Set i gang rollespelet. Byt på rollene som servicemedarbeidar og gjest.
Etter rollespelet
Skodespelarane fortel korleis dei opplevde situasjonen. Var kommunikasjonen god? Dei andre elevane kommenterer rollespelet.
Relatert innhald
Fagstoff
Å finne «bølgjelengda»Vi ser på kommunikasjon i vertskapsrolla: Korleis kan vi finne kvar enkelt gjest si «bølgjelengde»?