Oppgåve
Nettverk og nettverkssamarbeid
Kven inngår i det personlege nettverket ditt? Det er nyttig å ha eit profesjonelt nettverk òg. Kva inneber det, og korleis kan du byggje eit slikt nettverk?

Om du begynner å tenkje etter kor mange du kjenner som kjenner nokon som kjenner nokon, så finn du kanskje ut at du har eit ganske stort nettverk?
Oppgåver
Forklar orda nettverk og nettverkssamarbeid. Gi døme.
Forklar korleis å byggje nettverk kan bidra til fagleg og profesjonell utvikling.
Det finst mange måtar å byggje nettverk på. Gjer greie for ulike måtar.
Lag ei liste med overskrifta "10 tips for å byggje nettverk".
Drøft påstandane:
"Det er viktigare enn nokon gong at bedrifter investerer tid og pengar i nettverksbygging."
"Eit godt nettverk er avgjerande for at gründerar skal lykkast."
"Å bli ein god nettverksbyggjar kan lærast."