Mine eigne fordommar - Kultur og kommunikasjon (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Mine eigne fordommar

Vi er alle påverka av kulturen vi har vakse opp i. Det gjer at vi alle har nokre fordommar. Kultur, verdiar og fordommar påverkar kommunikasjonen mellom menneske. Kan vi bli meir medvitne fordommane våre?

Å ha fordommar vil seie å utvise ei negativ haldning overfor ei gruppe menneske vi ikkje kjenner. Fordommar baserer seg ofte på stereotypiar, som er overflatiske bilete av korleis menneske er. Du har kanskje høyrt enkelte vaksne seie at "alle ungdommane er ...", følgd av noko som du ikkje kjenner deg igjen i. Slike utsegner er typiske døme på stereotypiar.

I denne oppgåva skal du diskutere nokre utsegner som kanskje kan avsløre dine fordommar. Først skal du reflektere rundt spørsmåla, gjerne saman med andre i klassen, og deretter skal du foreslå tiltak som gjer at du som servicemedarbeidar kan yte fordomsfri og betre service.

Oppgåve 1

Diskuter utsegnene.

  1. "Gamle folk er kjedelege." Er du einig eller ueinig, og kvifor? Korleis vil du definere at nokon er gammal? Kjenner du nokon som er gamle? Kan du beskrive dei?

  2. "Folk som får trygd, er late." Er du einig eller ueinig, og kvifor? Kva er trygd? Kjenner du nokon som får trygd? Veit du kvifor vedkommande får trygd?

  3. "Innvandrarar er lykkejegerar." Er du einig eller ueinig, og kvifor? Kven er innvandrarar? Kjenner du nokre innvandrarar? Kan du fortelje om dei?

  4. "Ungdommar er uansvarlege." Er du einig eller ueinig, og kvifor? Kven er ungdommar? Kven seier slikt om ungdommar?

  5. "Rike folk har lurt til seg pengane." Er du einig eller ueinig, og kvifor? Kven er rike, og kjenner du nokon som er det? Korleis har dei blitt rike?

  6. "Fattige folk kan takke seg sjølv." Er du einig eller ueinig, og kvifor? Kven er fattige, og kva kan vere grunnane til at folk har dårleg råd?

Oppgåve 2

Korleis kan du jobbe mot fordommar?

  1. Kjenn fordommane dine: Kva for grupper av menneske har du fordommar mot?

  2. Vankunne er ofte grobotn for fordommar. Viss du ikkje kjenner nokon i den gruppa du har fordommar mot, bør du bli kjend med nokon. Er det nokon i klassen som kan hjelpe deg?

  3. Korleis må du oppføre deg dersom du skal yte god og fordomsfri service i ei bedrift?

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021