Makt og avmakt i ein kommunikasjonssituasjon - Kultur og kommunikasjon (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Makt og avmakt i ein kommunikasjonssituasjon

Folk med makt kan påverke oss når det gjeld kva vi gjer, kva vi trur, og korleis vi handlar. Kva som er godtekne normer for oppførsel, tankar, tale og handlingar blir ofte bestemt av dei som har mest makt og innverknad.
Anna Wintour og makt. Video: NRK / Avgrensa bruksrett

I ein kommunikasjonssituasjon kan makt og avmakt komme til syne på forskjellig vis. I ein kommunikasjon mellom individ, i ein interpersonal kommunikasjon, vil den makta du har, eller ikkje har, ha innverknad på den personen du snakkar med, kva de snakkar om, korleis de formulerer dykk, og kva slags kontroll du og den andre eigentleg har over situasjonen.

Makt er ikkje nødvendigvis noko negativt. Utøving av makt er nødvendig for å få ordna forhold å leve under, anten det er på heimeplanet, på skolen, eller i samfunnet elles.

Romanen Animal Farm av George Orwell er ein analogi om makt og maktmisbruk blant menneske. Eit kjent sitat frå romanen er dette: «Alle menneske er like, men somme er likare enn andre.»[1]

Kulturelle skilnader

Din grad av makt er avhengig av personen (personane) du samhandlar med og dei ressursane du har kontroll over. I interkulturell kommunikasjon får denne utsegna spesiell vekt fordi kjeldene for makt ofte er kulturelt avgrensa. Det som i ein kultur kan bety ei kjelde til makt, kan i ein annan kultur ikkje bli sett på som makt.

Til dømes kan det språket som ein engelskmann brukar, vere eit teikn på kva klasse han tilhøyrer, noko som ein utlending kanskje ikkje oppfattar. Også klesdrakt og symbol kan representere makt som kan variere frå kultur til kultur.

Kvinner oppfattar i mange tilfelle at menns måte å tale på er eit maktspråk, som automatisk gjer kvinnene underlegne. Også mange minoritetar føler seg underlegne fordi premissane for deira deltaking i samfunnet blir lagde av majoriteten.

I ein individualistisk kultur blir vi ofte oppfordra til å vere «skippar på eiga skute», eller til å vere «din eigen herre». I ein kollektivistisk kultur blir vekta lagd på at ein er «tilpassa», «innordna i storfamilien», «underlagd patriarkens vedtak» eller liknande. Menneske som svingar mellom ein individualistisk og ein kollektivistisk kultur kan oppleve sprikande forventningar som kan skape vanskelege dilemma som vi har sett.

Døme på kulturelle skilnader

I eit jobbintervju (Tilpasset etter Jensen 2006) blir ein mannleg asiatisk jobbsøkjar intervjua av ein dansk kvinneleg leiar. Begge er formelt kledde, han med slips og dress, ho med ei kledeleg drakt.
– Snakkar om sola så skin ho. No heldt vi akkurat på med søknaden din. Kom inn!

Mannen bukkar fleire gonger idet han kjem inn. Intervjuaren sit bak skrivebordet sitt. Ho reiser seg og strekkjer ut handa. Han tar handa nølande og forsiktig. Ho set seg i ein stol og med ein gest viser ho han ein annan stol.

– Set deg ned, la oss sjå på søknaden din... (mens ho blar i papira sine) Korleis likar du å vere her i dag? Kvifor trur du at du er her i dag?
– Ja?
– Det er vel ikkje ditt pessimistiske syn på verda som har fått deg hit i dag, tenkjer eg... så...?
– Du spør kvifor eg er her i dag?
– Ja, kva er din styrke som eg kan notere her?
– Vel, fordi eg har ei god utdanning. Sjølv om eg har gjennomgått korte kurs, det er ikkje så langt som full utdanning i data. Men, eg er sikker på at eg har god utdanning.
– Ja... (taus... litt utolmodig)
– For det andre, eg har jobba med prosjekt i mange år.
– Ja... (endå meir taus)
– For det tredje har du gjort klart at du ønskjer nokon med ein annan etnisk bakgrunn..
– Ja, vi har hatt den illusjonen...
– Kva kan du bidra med i den stillinga vi har utlyst?
– Eg har ikkje søkt bidrag. Sosialkontoret sa at eg ikkje treng bidrag når eg får jobb.
– Eg meiner, kva slags kompetanse kan du bruke i jobben?
- Eg har diplom frå Universitetet og eg har teke kurs i data.
– Vi treng nokon som kan arbeide sjølvstendig.
– Ja?

Innleiingsvis stiller intervjuaren eit spørsmål som synest enkelt: «Kvifor er du her i dag?» Men fordi ho slår over i ei setning som er ironisk meint, blir søkjaren forvirra. Han skjønnar ikkje straks kva ho meiner. Han prøver å seie noko om erfaring, og prøver å svare korrekt på spørsmålet. Men han kjenner ikkje sjangeren jobbintervju, og intervjuaren er misnøgd med det han fortel, for det var ikkje det ho venta. Ho brukar ord som han berre kjenner frå andre samanhengar som til dømes «bidrag». Metaforen «snakkar om sola så skin ho» er heller ikkje lett for han å forstå. Han blir forvirra sidan vêret ikkje var noko tema.

Idet dei reiser seg, viser det seg at intervjuaren er høgare enn den asiatiske mannen. Mannen bøyer seg audmjukt og høfleg. Han takkar og går baklengs mot døra. Etterpå uttrykkjer intervjuaren at ho ikkje kan tilsetje ein mann som ikkje har sjølvtillit. Han hadde ikkje vist at han var den mannen ho hadde bruk for, og blei ikkje invitert tilbake til nytt intervju. Ho kjenner ikkje til den asiatiske forma for høvisk framferd, at ein helst ikkje skal stikke seg fram, med mindre ein blir spurt direkte.

Ulik forståing av situasjonen

Dersom vi studerer dette intervjuet i eit maktperspektiv, ser vi at den danske intervjuaren, som ikkje var trena i interkulturelle kommunikasjonssituasjonar, ikkje hadde evne til å setje seg inn i den intervjua sin posisjon som framand med jobbintervjusituasjonen. Det ho sa skapte forvirring og gjorde asiaten usikker. Han svara ikkje på det ho hadde venta frå ein mann, og han fekk ikkje jobben.

Ein situasjon som den vi har skildra ovanfor, er ein typisk situasjon der det er ubalanse mellom avsendar og mottakar på grunn av at dei forstår situasjonen ulikt. Det gjeld ikkje berre kjennskapen til språket, men relasjonen mellom ein person med makt og ein jobbsøkjar utan makt. I tillegg er opplysninga om at mannen var liten av vekst interessant. Den minner oss om at også den ikkje-verbale kommunikasjonen spelar med i ein kommunikasjonssituasjon.

Skrive av Øyvind Dahl. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019