Oppgåve
Film
Fun Factory
Korleis påverkar kulturelle og sosiale faktorar kommunikasjonen i kortfilmen Fun Factory?
Konflikt i leikeland
Fun Factory er ein kortfilm frå 2019, regissert av Lisa Brooke Hansen og Even Hafnor. I filmen møter vi eit par som tek opp problem etter å ha vore vitne til ein konflikt i eit leikeland.
Sjå kortfilmen (lengde 12:00):
Oppgåve
Beskriv og reflekter over korleis kulturelle og sosiale faktorar påverkar kommunikasjonen mellom
dei to kundane og den tilsette
ekteparet
mannen og dei to kundane
Kva er det som gjer at kommunikasjonen ikkje fungerer i dei tre kommunikasjonssituasjonane?
Kva kunne personane gjort for å få til betre kommunikasjon?