Oppgave
Førstehjelp ved hodeskader
Ein hovudskade kan ha fatale konsekvensar for ein person. Alle former for slag mot hovudet kan gi hovudskade. Det kan vere vanskeleg å vite kor alvorleg skaden er, så be om hjelp tidleg. Kunnskap om hovudskadar kan bidra til at du gir ei meir optimal førstehjelp.
- Finn ut kva som kan skje ved ein alvorleg hovudskade.
- Finn ut kvifor personar med alvorleg hovudskade blir lagde inn på sjukehus.
- Hjerneristing kan oppstå sjølv ved ein mild hovudskade. Kva er typiske symptom på hjerneristing?
- Finn ut korleis ein skal behandle ein person med hjerneristing.
- Finn ut kva som kan vere konsekvensane viss ein person med hjerneristing ikkje følgjer anbefalte råd ved hjerneristing.
- Gå saman to og to, og diskuter korleis de vil vurdere om ein person har pådrege seg ein hovudskade.
- De har no vurdert at personen har ein hovudskade. Diskuter kva tiltak de ville sett i verk.
Relatert innhald
Fagstoff
HovudskadeAlle former for slag mot hovudet kan gi hovudskadar som hjerneristing, bløding på innsida av skallen eller brot i skallen.