Branninstruks - Kultur og kommunikasjon (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Branninstruks

Branninstruksar er retta mot å redde liv og varsle. Korrekt respons på brannalarm eller branntilløp er avgjerande for utfallet av ein brann.
Brannøvingar er viktige så dei tilsette veit kva dei skal gjere når brannalarmen går. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Branninstruks

Dei fleste branninstruksar legg først og fremst vekt på å redde liv og å varsle. Korrekt respons på brannalarm eller branntilløp er avgjerande for utfallet.

Det som medfører mest personskadar og død ved bygningsbrannar i Noreg, er ikkje flammane, men gassar som er både usynlege og luktfrie.

Når det brenn, stig den varme lufta opp, og det vil òg dei fleste gassane gjere. Det er derfor tryggast å bevege seg ved å krype dersom vi er i eit rom med brannutvikling.

Kva gjer vi når brannalarmen går?

  • Respekter alarmen, det er brann inntil det motsette er bevist.

  • Sjekk oversiktspanel som viser kva rom som har utløyst varslinga.

  • Start evakuering, bruk rømmingsvegane.
  • Fjern gjenstandar som hindrar rømming.
  • Lukk dører.
  • Sjå til at ingen nyttar heis.
  • Møt på avtalt oppstillingsplass.

Ved brann

  • Slå på alarm viss denne ikkje allereie er utløyst.
  • Forsøk å sløkkje småbrannar med tilgjengelege sløkkjemiddel dersom det er mogleg utan fare for ditt eige eller andre sitt liv og helse.

  • Før du eventuelt går inn i eit rom for å hjelpe andre, kjenn på dørbladet og handtaket. Om det er varmt, må du vente på assistanse frå brannvesenet.

  • Opptre vidare som ved alarm.

Kva rekkjefølgje vi skal utføre punkta ovanfor i, vil avhenge av type brann. Ved ein liten brann prøver vi først å sløkkje. Ved eit større tilløp må bygningen evakuerast.

Alle tilsette må gjere seg kjende med næraste sløkkjemiddel, manuelle brannmeldarar og rømmingsvegar. Tidsbruk er avgjerande for utfallet av ein brann.

Rømmingstid

Nødvendig rømmingstid er tida det er berekna at det tek å evakuere bygningen. For å berekne nødvendig rømmingstid slår vi saman tida det tek å:

  1. detektere brannen med sansane våre eller med tekniske eller fysiske tiltak.

  2. tolke det vi opplever (røyklukt, røyk, brannalarm, flammar, varme).

  3. bestemme seg for å evakuere og korleis det skal gjerast.

  4. gjennomføre forflytting.

Vi må i tillegg berekne ein sikkerheitsmargin. Behovet for sikkerheitsmargin minkar jo betre rutinar og opplæring dei tilsette har. I tillegg blir behovet for sikkerheitsmargin påverka av tilhøve som god fysisk og teknisk sikring: brannseksjonar, dører, trykksetting, røykventilering, godt brannvarslingssystem, automatiske sløkkjeanlegg, manuelle sløkkjemiddel, og så vidare.

For å kunne gjennomføre ei sikker rømming må vi leggje til ein sikkerheitsmargin slik at den tilgjengelege rømmingstida blir lengre enn den nødvendige rømmingstida.

Tilgjengeleg rømmingstid:

nødvendig rømmingstid + sikkerheitsmargin

Forenkla branninstruks

Når vi oppdagar ein brann eller brannalarmen er utløyst, er det lett å gløyme det vi har lært. Derfor bør alle ha lett tilgang til branninstruksen på arbeidsstasjonen.

Kontorpersonalet kan til dømes ha ein forenkla branninstruks hengjande på kontoret, éi side med punkt som gjeld ved brann eller utløyst brannalarm. Baksida kan innehalde bilete eller andre illustrasjonar av til dømes rømmingsvegar.

Branninstruks for kontormedarbeidar med brannansvar – døme
  1. Varsle omgåande brannvesenet på telefon 110.
  2. Sett i gang å evakuere i tråd med instruksar og tiltakskort for brann.
  3. Dersom det er mogleg, utplasser ein person ved kvar nødutgang på bakkenivå. Denne personen skal rettleie dei evakuerte til samlingsplassen.
  4. Lokaliser brannen.
  5. Forsøk å sløkkje i tråd med planane og det tilgjengelege utstyret.
  6. Følg framdrifta i evakueringsarbeidet.
  7. Peik ut ein person til å vareta oppgåver på samlingsplassen. Sørg for å ha klar ein kort instruks, kart og sjekkliste saman med refleksvest. Vedkommande blir på samlingsplassen til hen får beskjed av brannvesen eller kontormedarbeidaren med brannansvar.
  8. Møt og informer brannvesenet når dei kjem.

Sørg for at tilkomsten til brannvesenet ikkje blir blokkert av menneske eller bilar.

Rekkjefølgja av tiltaka vil vere situasjonsbestemt og må vurderast fortløpande.

Relatert innhald

Skrive av Pål-André Hansen og Anki Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022