Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Denne læringsstien er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Rollespel

CC BY-SA 4.0

Bruk femtrinnsmodellen for å beskrive korleis dei to situasjonane nedanfor kan handterast.

Gå gjerne saman i par, og lag eit rollespel. Vis gjerne fram rollespelet i klassa.

Beskriving av to situasjonar med konfliktrisiko:

  1. I samband med smitteverntiltak under koronapandemien ber ein servicemedarbeidar ein nærgåande person som ikkje har på munnbind, om å ta eit steg tilbake. Vedkomande gir tydeleg uttrykk for å vere ueinig i koronatiltaka, hissar seg veldig opp og kallar servicemedarbeidaren maktsjuk.
  2. Ein vektar finn ein ruspåverka person sovande utanfor inngangen til ein butikk i ei gågate. Personen har rota veldig rundt seg. Når vektaren vekkjer vedkomande, blir han frykteleg tverr og verkar truande.