Fagstoff
Tallerkenmodellen
Helsedirektoratet tilrår "tallerkenmodellen" som hjelpemiddel for å lage sunne måltid. Modellen viser korleis ein kan fordele dei ulike matvarene på ein tallerken.

Tallerkenen skal delast i tre like delar som ein fyller med
- ein tredel grønsaker
- ein tredel poteter/ris/pasta/korn
- ein tredel fisk/kjøt/egg/belgvekstar
Modellen gjeld for alle grupper av friske menneske. Matvarene skal fordelast som på modellen, uansett om ein har behov for lite eller mykje mat. Slik blir det lettare å ete sunt og variert til alle hovudmåltida kvar dag.

Varm mat
Desse tallerkenmodellane viser korleis du kan forsyne deg etter modellen. Storleiken på tallerkenen har ingenting å seie – her er det fordelinga som er viktig.

Kald mat