Planlegg trening, vg1 - Kroppsøving (vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Planlegg trening, vg1

Anten du skal spele fotball, springe eller trene styrke, er det viktig å ha ein plan for kva du skal gjere. Her kan du øve deg på å planleggje oppvarming og/eller ei økt.

Oppgåve 1

Planlegg 15–20 minutt oppvarming til ein sjølvvald aktivitet. Planlegg både generell og spesiell oppvarming. Hugs at oppvarminga skal vere retta mot det du skal gjere etterpå. Ta utgangspunkt i ressursane om oppvarming under når du planlegg. Bruk gjerne malen for oppvarming som du finn nedst på denne sida.

NDLA: Kva er oppvarming?

NDLA: Kvifor er oppvarming viktig?

NDLA: Korleis varme opp?

Oppgåve 2

Planlegg ei økt på 60 minutt. Økta skal innehalde oppvarming, hovuddel og avslutning. Du vel sjølv kva du skal trene i hovuddelen. Hugs å få med eit mål for økta og at målet skal vere tilpassa deg. I tillegg skal det du gjer i både oppvarminga, hovuddelen og i avslutninga vere retta mot målet ditt. Forklar godt kva du skal gjere, korleis du skal gjere det, og kvifor du skal gjere det. Når du forklarer godt, viser du kva slags kompetanse du har om oppvarming, og korleis du klarer å omsetje teorien til praksis.

Bruk ressursane under for å utforme planen. Bruk gjerne øktplan-malen du finn nedst på sida "Korleis planleggje trening?".

NDLA: Korleis planleggje trening?

NDLA: Målsetjing og motivasjon

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2021