Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Badmintonstafett

Denne leiken liknar på skiskyting og utfordrar elevane på snøggleik, presisjon, uthald og samarbeid.

Skildring

Denne leiken liknar på skiskyting. Del inn i lag med 4–6 deltakarar.

  1. Legg 3 fjørballar på baklinja på ein volleyballbane, ein rockering på midtlinja, og marker ein strafferunde på 3·3 m på motsett baklinje.
  2. Ein og ein på laget skal ta med seg fjørballen, leggje seg ned på magen bak 3-meterlinja og kaste blink på rockeringane. Viss alle blir liggande i rockeringen, hentar spelaren ballane og vekslar med nestemann på laget.
  3. Viss spelaren bommar, må denne springe strafferundar likt talet på bom før ballane blir overrekte nestemann på laget.

Stafetten kan gjennomførast med både liggande og ståande skyting.

Variantar

  • Juster avstand det skal kastast frå.
  • Bruk badmintonracket.
  • Stafetten kan utvidast med at kvart lag set eit badmintonrøyr inntil ein vegg eller liknande, 1,5–2 meter unna baklinja. Etter at alle har kome i mål med første del av stafetten, får laga no totalt 5 fjørballar. Deltakarane stiller seg ved 3-meterlinja og skal einskildvis springe fram til baklinja, kaste ballane og treffe oppi ballrøyret. Ballar som treffer, blir liggande i ballrøyret, resten blir plukka opp overrekt nestemann på laget. Slik held laget fram til alle ballane ligg oppi ballrøyret.
Skrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist oppdatert 13.05.2026