Fagstoff
Stele egg
Laga skal fange så mange egg som mogleg, utan å bli tekne. Her blir du utfordra på taktikk, snøggleik, reaksjon og uthald.

Elevar i leik
Skildring
- Til denne leiken treng du papirballar. Bruk avispapir og pakketape.
- Del inn i fire lag som stiller seg i kvart sitt hjørne i salen.
- Bruk benkar til å lage eit kvadrat midt i salen. I kvart hjørne skal det vere ein inngang på om lag 1 meter. Legg papirballane i midten av kvadratet, og vel ein frivillig til å vere «mora» til egga.
- Ved startsignal spring ein representant frå laga inn mot midten for å stele egg. Det er valfritt kva for ein av inngangane du bruker. Viss «mora» til egga klarer å ta deg, må du springe tomhendt tilbake og veksle med neste person. Viss du får tak i eit egg, men blir teken på veg ut av kvadratet, må du leggje egget tilbake.
Laga skal samle så mange egg som mogleg på til dømes fire minutt, eller til det er tomt for egg. Det er berre tillate å springe ein om gongen, og det er berre tillate å ta med eitt egg om gongen.