Oppgåve
Hauk og due
Hauk og due er ein gammal klassikar. Det er ei øving for akselerasjonshurtigheit, reaksjonshurtigheit, taktikk og samarbeid.
Alternativ 1
Alle som deltek, utanom éin person, samlar seg i den eine enden av gymsalen. Desse er duene. Hauken står midt i gymsalen. Når hen roper "Alle mine duer, kom ut!", skal duene springe frå den eine enden til den andre. Dei som blir tekne av hauken, skal frå no av vere haukar sjølve. Dette skjer til alle duene er tekne.
Oppstilling til øvinga hauk og due.
Alternativ 2
Her følgjer de vanlege reglar, bortsett frå at duene har kvar sin ball og ein blir teken når hauken tek ballen eller sparkar han ut av banen. De kan variere vanskegraden ved å endre banestorleiken. Til dømes vil ein lang og smal bane vere meir utfordrande enn ein brei og kort bane.