Musklar, muskelbruk og øvingar - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Musklar, muskelbruk og øvingar

Å forstå korleis musklar fungerer og å bruke denne kunnskapen i treningsplanlegging og styrketrening, er ein viktig del av kroppsøvingsfaget. Her kan du lære namn på musklar, forstå kva oppgåve muskelen har og finne øvingar for å trene akkurat denne muskelen.

Gå inn på lenka under og trykk på muskelen du vil vite meir om.

Muskelanimasjon (NDLA)

To forslag til fullkroppsøkter med styrketrening

Enkel fullkroppsøkt

For kven: for deg som ikkje har trent så mykje styrke før, eller for deg som ikkje har trent styrke på ei lang stund.

Treningsmetode: maksimal muskelvekst, 6–12 repetisjonar, 2–4 seriar. Kvar serie bør vere så tung at du ikkje klarer fleire repetisjonar.

Mål: bli sterkare og få større muskelmasse.

Muskelgrupper: Øvingane belastar dei store muskelgruppene i heile kroppen.

  • Ettbeinsknebøy

  • Sitjande roing

  • Armhevingar

Gjenta økta 2–3 gonger kvar veke.

Fullkroppsøkt for vidarekomne


For kven: for deg som har trent styrke ei stund, og som har god teknikk i øvingane under.

Treningsmetode: maksimal styrke, 1–5 repetisjonar, 2–5 seriar. Kvar serie skal vere så tung at du ikkje klarer fleire repetisjonar.

Mål: bli sterkare.

Muskelgrupper: Øvingane belastar dei store muskelgruppene i heile kroppen.

  • Knebøy eller markløft

  • Sitjande roing

  • Kroppshevingar (med eller utan strikk)

  • Armhevingar (alternativt benkpress)

Gjenta økta 2–3 gonger kvar veke.


Relatert innhald

Fagstoff
Korleis trene styrke?

Kva for mål du har med styrketreninga, har mykje å seie for korleis du skal planleggje og gjennomføre treningsøktene.

Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2021