Kva er koordinasjon? - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er koordinasjon?

Koordinasjon er viktig både i idrett og i dagleglivet. For å utføre ei rørsle eller ein serie med rørsler, bruker du mange sansar og mekanismar i kroppen.

Koordinasjon

Koordinasjon kan definerast som evna til å samordne kroppsrørsler i forhold til kvarandre og det du har rundt deg. Det vil seie korleis vi rører armar, bein og kropp i ei rørsle, og korleis rørsla blir gjennomført i forhold til omgivnadene. Tenk på når du speler badminton og må koordinere kroppen din for å treffe ballen, og samtidig følgje med på kvar motstandaren er plassert. Eller når du er ute i trafikken; då må du styre køyretøyet samtidig som du må ta omsyn til andre trafikantar.

I omgrepet koordinasjon ligg det fleire koordinative eigenskapar: rytme, balanse, tilpassa kraftinnsats, auge-hand-koordinasjon og øye-fot-koordinasjon, romorientering og reaksjonsevne.

Rytme

Rytme blir ofte assosiert med musikk, men er ein eigenskap som trengst i dei fleste aktivitetar. Dette kan vere i form av gjentakande rørslemønster, eller at rørsler har ein takt (rytme). I basketball blir til dømes omgrepet
totaktsrytme brukt når du skal utføre ein lay-up. Skøyting i langrenn, ballstuss, finter og symjetak er andre døme på rørsler med rytme. Viss du klarer å kjenne igjen og gjenta rørslemønster, vil du ofte ha betre teknikk enn dei med dårlegare rytme.

Balanse

For å halde kroppen i balanse er du avhengig av sanseorgana til kroppen. Inntrykk frå synet, likevektssansen og trykk- og berøringssansen hjelper kroppen til å halde balansen i både statiske og dynamiske rørsler. Balanse er viktig for å lære seg teknikk og å tilpasse seg omgivnadene òg i dagleglivet, til dømes når du reiser deg opp, går i ei trapp eller rører deg i ulendt terreng.

Tilpassa kraftinnsats

Innanfor ulike idrettar er det viktig, og ofte avgjerande, med riktig kraftinnsats. Det krev mykje trening over tid for at du skal kunne tilpasse krafta i ulike situasjonar. Å kaste eller sparke ein ball til nokon krev at du tilpassar kreftene du bruker for at ballen skal kome fram dit du ønskjer. Dette krev mykje øving. Når du skal løfte ein mjølkekartong, må du tilpasse kreftene dine etter kor mykje mjølk som er i kartongen. Har du opplevd å løfte ein kartong som har mindre mjølk enn du trur? Kva skjer då?

Auge-hand-koordinasjon og auge-fot-koordinasjon

Dette handlar om korleis kroppen samordnar det auga ser med rørslene hendene og føtene gjer. Denne eigenskapen er avgjerande i mange idrettar, men også viktig i dagleglivet. Når du er ute og går eller spring i terrenget, bruker du auge-fot-koordinasjon for ikkje å snuble, medan å kutte grønsaker krev til dømes god auge-hand-koordinasjon

Romorientering

Det er den evna du har til å gjere rørsler med kroppen i tid og rom. Døme kan vere å ta salto og vite kvar du er i rørsla, slik at du strekkjer ut og landar på beina. Ein kantspelar i handball må vite kvar målet er for å hoppe inn med best mogleg vinkel.

Reaksjonsevne

Dette handlar om evna kroppen har til å reagere på observasjonar og signal. Ein sprintar må reagere på startsignalet, målvakta på nærskotet, og volleyballspelaren må få armane i rett posisjon. Veltar du eit glas ved matbordet, er det kor raskt du reagerer som avgjer om du søler eller ikkje.

Skrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2020