Oppgave
Førstehjelp på tur – casar
Når nokon skadar seg, er det lurt å vite kva du skal gjere. For å vere førebudd må du øve på situasjonar som kan oppstå.

Ein enkeltmannspakke er fin å bruke til å forbinde kuttskadar.
Desse casane kan du løyse både teoretisk og praktisk. Bruk gjerne ressursane nedst på sida som hjelp.
Du og to gode vener er på tur i skogen. De har fyrt bål og lagar mat på bålet. Plutseleg veltar ein kjele med varmt, kokande vatn over handa til kameraten din. Kva gjer du?
- Du skal på ein fjelltur med to gode vener seint på hausten. Det er meldt regn. Korleis kan de førebu dykk til denne turen for å førebyggje nedkjøling og frostskadar?
- Trass førebuing blir kameraten din våt gjennom jakka og kald på overkroppen. Han står i ro, hakkar tenner, er blå på leppene og blir apatisk (klarer ikkje å ta seg til noko). Han har i tillegg kvite flekkar på fingrane. Kva gjer du?
Du og to gode vener er på tur i fjellet. De må gå ned ei bratt ur, og plutseleg fell venninna di og skadar seg. Det ser ut til at ho har fått eit brot i beinet. Kva gjer du?
Relatert innhald
Fagstoff
BrotBrot kan oppstå i alle knoklar. Nokre brot er så smertefulle at personen ikkje kan røre seg, medan andre brot er små og vanskelege å oppdage.