Kven er samane?

Kven er samane, og kvar bur dei?
Sápmi/Saepmie/Sábme (Sameland)
Samane er eit urfolk som tradisjonelt har budd i nordområda i Noreg, Sverige, Finland og Russland. På nordsamisk heiter dette området Sápmi, på sørsamisk heiter det Saepmie, og på lulesamisk heiter det Sábme. Sameland er den norske omsetjinga. Det store geografiske arealet går på tvers av landegrensene og gjer at kulturen er svært mangfaldig og variert.
Sjølv om samefolket tradisjonelt har budd i nordområda, har det, som i andre lokalsamfunn i Noreg, vore mykje fråflytting her òg. Samane bur i heile Noreg. Det betyr at du finn samar i Oslo så vel som i Kautokeino og Karasjok.
Samisk bakgrunn
Ein same er ein person som oppfattar seg sjølv som samisk og som ein del av samisk kultur. For å stå oppført i Sametingets valmanntal og kunne stemme ved sametingsval, må du anten ha samisk som heimespråk eller ha eller ha hatt foreldre, besteforeldre eller oldeforeldre med samisk som heimespråk. Heimespråk er språket ein snakkar heime i oppveksten.
Samer i dag
Mange knyter samar til reindrift, men i dag er det berre omkring 10 prosent av samane som driv med rein, og det har vorte færre dei siste åra. Opphavleg var det både sjøsamar, fastbuande og reindriftssamar. Du kan lese meir om det i boksen under. Nokre samar livnærer seg framleis i yrke som høyrer inn under kategorien primærnæringar, slik samar gjorde opphavleg, men dei fleste har heilt "vanlege" yrke.
Elles er det ein del samar som livnærer seg av det samiske på andre måtar, til dømes ved sal av duodji (samisk tradisjonshandverk) og samiske råvarer og kunst. Nokre driv med samisk musikk/joik, andre er samiske forfattarar og journalistar, andre igjen driv med samisk forsking. Det er òg mange som driv med samisk reiseliv.
Samisk språk = samisk kultur
Tre samiske språk
Opphavleg har det vore ti ulike samiske språk. I dag blir berre tre samiske språk rekna som offisielle språk i Noreg. Dette er nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
Det er store språklege forskjellar mellom nordsamisk og sørsamisk, faktisk så store at dei som kommuniserer på sørsamisk og på nordsamisk, vil ha store vanskar med å forstå kvarandre.
Nordsamisk er det største språket, og omkring 25 000 bruker språket aktivt i dag. Dette er berre eit estimat, då det er vanskeleg å finne nøyaktige tal på kor mange som kan og bruker språket. Sørsamisk og lulesamisk står i dag på Unescos liste over språk som er alvorleg trua. Les meir i fagartikkelen om samiske språk.
Samisk som majoritet eller minoritet
Språk er ein viktig del av kulturen. Det er annleis å vekse opp i ein del av Noreg der samisk er majoritetsspråk, enn å vekse opp på ein stad der samisk er eit minoritetsspråk. Der den samiske befolkninga er i minoritet, er ikkje den samiske kulturen ein like stor del av kvardagen, og det krev meir av den enkelte å halde på sin eigen kultur og sine eigne tradisjonar.
Fornorskingspolitikken
Mange samar er stolte av det samiske språket, og det er ein viktig del av identiteten deira. Slik var det ikkje for to generasjonar sidan. Mellom 1850 og 1960 hadde styresmaktene eit mål om å lage eit homogent samfunn. Samar, kvenar og andre minoritetsgrupper vart sett på som andrerangs borgarar. Alle skulle bli norske, og då måtte dei snakke norsk. På den tida trudde folk det var skadeleg for barna å lære seg både norsk og samisk. I dag veit vi at jo fleire språk du kan, jo enklare er det å lære seg nye.
På denne tida var det forbode å snakke samisk og å joike, og dei som hadde samisk som heimespråk, fekk verken snakke samisk eller lære seg å skrive samisk. Barna vart sende på internatskule frå dei var sju år, for å lære seg norsk. Der vart dei fysisk straffa om dei snakka samisk. Lærarane kunne berre norsk og ikkje samisk, for dei samiske barna var det motsett. Fleire samar vart tvinga til å skifte namn fordi ein måtte ha norsk namn for å kunne eige jord og ha andre eigedommar. Familiar slutta å bruke samisk som heimespråk. I staden prøvde dei å skjule at dei var samiske fordi dei vart sett ned på. Mange lét vere å fortelje barn og barnebarn at dei var samiske.
Før fornorskingspolitikken starta, snakka mange samisk langs den nordlege kysten av Noreg. I dag er det berre i indre delar av Finnmark at samisk er majoritetsspråket.
Fornorskingspolitikken er offisielt avslutta i Noreg. Likevel blir svært mange samar diskriminerte på grunn av den samiske bakgrunnen sin, så mange som ein av tre, ifølge ein studie frå 2019. Ei undersøking blant unge samar i 2021 viste at 60 prosent av dei spurde har opplevd fordommar mot den samiske gruppa si "veldig ofte" eller "ofte". Berre 5,2 prosent svarte "aldri" (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet 2022).
Lærarar ved Samisk videregående skole Karasjok har bidrege i arbeidet med denne ressursen.