Eteforstyrringar
Film om eteforstyrringar (2:53)
Podkast om eteforstyrringar (21:05)
Eteforstyrringar
Eteforstyrringar er ei liding som inneber at tankar om mat og kropp tek så mykje merksemd i kvardagen at det går utover livskvaliteten. I denne episoden får du møte Elin, som har hatt eteforstyrringar...
Tekstversjon
Deltakarar:Berit Boman – programleiarElin Heitmann – erfaring med eteforstyrringLars Halse Kneppe – psykolog
Programleiar: Eteforstyrring er ei nemning på fleire lidingar der tankar, kjensler og handlingar når det gjeld mat, kropp og vekt går utover livskvaliteten. Men korleis utartar det seg, og kva gjer ein om du eller ein du kjenner, har eit anstrengt forhold til mat? Eg heiter Berit Boman, og no skal vi snakke både med ein ekspert og ein person som har slite med det, Elin Heitmann, for å lære og eventuelt kunne hjelpe andre med å forstå. Når starta eteforstyrringane for deg, Elin?
EH: Det er litt vanskeleg å sjå akkurat når det starta, men eg veit at eg var mykje engsteleg då eg var liten. Eg var veldig redd for framtida. Eg trur det låg veldig mykje angst til grunn. Så det starta med at eg var veldig uroleg og redd. Eg hugsar eg spurde mamma allereie som elleveåring om eg kunne få gå til psykolog, og mamma skjønte ikkje kvifor. Eg trur at allereie då byrja eg å kjenne på at eg ikkje hadde det så fint. Eg var så bekymra heile tida. På skulen var eg ikkje flink nok. Eg måtte prestere her og der og gjere lekser i mange timar for å klare å vere god nok. Så utvikla det seg gradvis. Eg vart plutseleg meir oppteken av trening og mat. Mamma oppdaga ein dag at eg kasta opp, og ho tok meg med til fastlegen. Då vart eg sett på vekta – eg hadde aldri teke omsyn til vekt før. Eg tenkte at det var eit veldig høgt tal, sjølv om legen min sa at det var heilt normalt. Eg vart vist vidare til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk), der eg fekk diagnosen anoreksi. Eg hugsar at eg gret av glede, det er jo spesielt. Men eg hugsar at eg vart så glad for å få eit namn på det, samtidig som eg vart veldig oppteken av at eg skulle halde på den diagnosen. Eg var livredd for å få ein annan diagnose, for anoreksi var positivt. Det gjorde nok at eg vart veldig lenge i sjukdommen, trur eg.
Programleiar: La oss snakke litt med ein som kan mykje om kvifor dette skjer, og kva ein bør gjere. Lars Halse Kneppe, du er psykolog og jobbar med ungdom på vidaregåande skule. Kva kan føre til eteforstyrringar?
LHK: Det er vanskeleg å svare på, for det er mange vegar inn til ei eteforstyrring. For mange handlar det om eit forsøk på å meistre vonde kjensler eller hendingar. For andre kan det byrje som eit forsøk på å endre noko på kroppen sin. Og så blir det eit veksande prosjekt. Men det er ofte gjennomgåande at det byrjar smått og blir til eit prosjekt som berre veks, som tek opp større og større delar av livet ditt. For mange er det litt tilfeldig at det blir eteforstyrringar. Vi er eit veldig kroppsfokusert samfunn, der menneske og ungdom blir medvitne sin eigen kropp i mykje yngre alder enn før. Ein byrjar å tenkje på kroppen sin som eit objekt, i staden for eit subjekt, i ganske ung alder. Kanskje prøver ein å endre kroppen før han er klar til å bli endra.
Programleiar: Som til dømes?
LHK: Ein risikofaktor er å komme tidleg i pubertet som jente, eller seint i pubertet som gut – at du er den som skil deg ut. Det å prøve å endre kroppen sin i det som eigentleg er heilt naturlege endringsfasar, utviklar mykje ambivalens til eigen kropp.
Programleiar: Det at ein har så mange å sjå på, og ei kjensle av kva ein ønsker å vere?
LHK: Kva som er normalt, og korleis du vil vere, og korleis du er i forhold til normalen.
Programleiar: Kven er det som fortel oss kva som er normalt i dag?
LHK: Altfor mange! Vi er altfor strenge. Det er stor forskjell på denne generasjonen og tidlegare generasjonar med tanke på all informasjonen vi har tilgjengeleg på sosiale medium – det er ei heil verd å samanlikne seg med. Dei har så mykje tilgang til andre menneske sine liv. Tips og mykje anna verkar så tilgjengeleg og oppnåeleg.
Programleiar: Så dersom eg slit med sånne ting, kva kan eg seie når eg går til lærarar, venner, mamma eller pappa?
LHK: Det enkle svaret på det er å vere ærleg, seie det du strever med. Men det er ofte vanskeleg og skummelt. Ofte kan det vere lurt å seie det til fleire personar, sånn at du får øvd deg litt på det. Somme synest det er greitt å skrive ned. For somme er det òg skummelt, så det kan vere lurt å tenke over kva det er viktigast å seie. Det viktigaste ein skal seie er: "Akkurat no strever eg med mat, med kroppen min, og eg treng hjelp til å få det betre med det." Mange stoppar fordi dei tenker at om dei først opnar opp, må dei seie alt med ein gong. Men sånn er det ikkje – ein må ikkje gi alle detaljar med ein gong. Å fortelje historia si tek tid. Det handlar om å byrje med den tingen som er vanskeleg og la det gå vidare derfrå.
Programleiar: Kva gjer eg dersom eg lurer på om vennen min eller barnet mitt har noko sånt?
LHK: Spør.
Programleiar: Kva spør eg om?
LHK: Det er veldig vanskeleg å spørje. Igjen, det er eit sårt tema og ofte ei hemmelegheit. Det handlar om å vere open på kva ein har sett. Ver open på kvifor du spør, kvifor du er bekymra, kva du har sett som gjer at du lurer.
Programleiar: Korleis var du då du var sjuk, Elin?
EH: Heile livet mitt var eit stort reknestykke som berre måtte gå opp. Det var veldig slitsamt. Skule, komme heim, veldig mykje trening, og dersom eg åt noko som var feil, gjekk alt i tusen knas – då kunne eg bli illsint. Eg hugsar at mamma og pappa òg måtte stå i det, dei var jo fanga i mitt, fordi eg vart så sint. Dersom vi skulle ha noko feil til middag, var det fullstendig krise. Dersom eg ikkje fekk trent, var det krise.
Programleiar: Kva var feil til middag, til dømes?
EH: Ting eg tenkte ikkje var bra, som ikkje var bra for kroppen min, eller som eg ville legge på meg av. Då fekk eg panikk. Etter kvart byrja eg å kaste opp eller overtrene, så det vart ei blandingsliding med fleire typar eteforstyrringar i ein boks.
Programleiar: Når eg bruker ordet eteforstyrring, kva ligg i det? Kva er dei ulike, Lars?
LHK: Eit utruleg vidt spekter. Det er alt frå dei som strever med å ta til seg veldig lite næring, sånn som anoreksi, til dei som tek til seg veldig mykje næring, som overeting. Og så har vi bulimi, ei liding der du vekslar mellom å ta inn mykje næring for så å kaste opp. For mange er ikkje det skiljet så tydeleg. Mange strever med ulike symptom her, men går gjennom ulike fasar: et veldig lite i ein periode, overet og kastar opp i neste periode. Det som sit igjen, er det ambivalente, litt øydelagde forholdet til eigen kropp. Når det gjeld skiljet mellom eteforstyrringar og forstyrra kosthald, handlar det for meg om kor mykje det styrer livet ditt, kor mykje det går ut over andre ting – om du til dømes unngår situasjonar eller mat, slik at det blir hemmande for eit normalt liv.
EH: Mamma og pappa prøvde så godt dei kunne å halde fatninga, å vere støttande. Men nokre gonger såg eg at det knakk litt for mamma. Det var vanskeleg for henne å sjå at eg hadde det så vondt. Men som regel var dei berre støttande. Eg brukte å stenge meg inne på rommet, så kom mamma etter kvart for å høyre korleis det gjekk og prøve å finne ut av det.
Programleiar: Kvifor tek det så stor plass i ein familie?
LHK: Fordi det er skummelt.
Programleiar: For familien, eller for dei?
LHK: For alle. Eteforstyrringar er farleg, og det veit alle som har hatt det eller har nokon i familien sin som har det. Så det vekker ein angst. Og det er eigentleg ein veldig rasjonell angst.
Programleiar: Det du seier, er at det er ein angst dei bør ha?
LHK: Den angsten er heilt naturleg og heilt forståeleg, og han gjer at det ofte blir litt anstrengt heime. Det er vanskeleg å snakke om, så ofte treng ein hjelp til å finne ut korleis og når ein skal snakke om det, når ein treng ein pause og så vidare. Korleis skal ein ta omsyn til måltid? Å ete er noko du må gjere fleire gonger kvar einaste dag, helst minst fire, og mange gonger må du gjere det saman med andre menneske. Det kan vere det vanskelegaste i verda for nokon som strever med det her.
Programleiar: Korleis kan vi oppdage at nokon slit?
LHK: Det er kjempevanskeleg. Eteforstyrringar skil seg frå mange andre lidingar fordi det ofte er ei hemmelegheit.
Programleiar: Kvifor er det det?
LHK: Fordi det for veldig mange er noko dei har lyst å halde fram med.
Programleiar: Kvifor vil dei halde fram?
LHK: Fordi det verkar. Og fordi dei føler at det gir meistring i livet. Det er eit kontrollbehov. Ei eteforstyrring tek veldig stor plass i eit liv. Å slutte med ei eteforstyrring er kjempeskummelt.
Programleiar: Kva er dei mest redde for, dei som sluttar?
LHK: Dei er ofte veldig redde for kva som skjer om dei sluttar – kva om skjer med kroppen – om dei kjem til å legge på seg mykje. Dei har mykje katastrofetankar. Men dei lurer òg på kva dei skal gjere no, kva dei skal bruke livet til. Det er trist, men eg høyrer det ofte. Når ei eteforstyrring har vart over lang tid, er det mykje ein har slutta å gjere. Kanskje har ein mista interesser og relasjonar. Ein får ei frykt for at livet kan kjennast tomt utan.
Programleiar: Så korleis gjekk dette utover skulen?
EH: Det gjekk ikkje utover prestasjonane mine, for der var eg veldig oppteken av å gjere det rett. Så eg jobba på. Eg trur kanskje eteforstyrringa gjorde at eg vart meir manisk når det gjaldt skulen, skulle få dei beste karakterane. Men etter kvart klarte eg til dømes ikkje å vere med i gymtimar, då hadde eg alltid fri måndagar. Vi måtte liksom få tilpassingar her og der. Det var godt, men veldig vanskeleg, for eg skjønte jo at folk såg at eg ikkje var i gymtimen. Eg skjønte jo at dei lurte på kvifor. Det synest eg var vanskeleg.
Programleiar: Korleis forklarte du det?
EH: Eg var ærleg med mi næraste venninne, men dei andre snakka eg ikkje så mykje med. Eg likte ikkje å ete lunsj med andre enn berre venninna mi. Så vi sat alltid for oss sjølv. Det gjorde nok kanskje at ho òg vart litt mindre sosial på grunn av meg. Ho har nok spesielt fått kjenne på at eg sleit, fordi eg kunne vere vanskeleg å ha med å gjere. Eg var så veldig oppteken av kva ein skulle ete og oppteken av trening. Veldig rigid.
Programleiar: Korleis har du det no? Kor frisk er du? Går det an å bli frisk?
EH: Eg er heilt frisk. Men mange kommenterer at ein aldri kan bli frisk. Det er ein av dei mytane der ute at ein aldri kan det – at du alltid vil ha det med deg, og det har eg ikkje. Men eg har framleis dårlege dagar. Eg kan framleis byrje å tenke på slanking, men det betyr ikkje at eg er sjuk.
Programleiar: Kva betyr det, då?
EH: Det betyr at eg er eit menneske. Eg ser meg ikkje alltid i spegelen og tenkjer: "Wow, så flott du er!" Nokre gonger liker eg ikkje heilt det eg ser, og det er heilt greitt! Eg treng ikkje å måtte elske kroppen min for å ha det greitt med meg sjølv. For å vere frisk treng ikkje alt å vere perfekt.
Programleiar: Kor lang tid brukte du på å bli frisk?
EH: Veldig lang tid. Eg var vel sjuk i ti år, så då eg var tjuefire, merka eg at tankane var borte. Venninnene mine fortalde at dei fekk nokre periodar der dei vart heilt besette av trening, og så tenkte eg at "oi, det gjer eg òg!". Då tenkte eg at eigentleg er desse tankane heilt vanlege, men kanskje eg gjer dei sjukelege. Då byrja eg å forstå at kanskje eg er heilt frisk. Eg byrja å bli heilt komfortabel med å gå ut og ete, for det var ein av tinga eg syntest var forferdeleg vanskeleg. Men plutseleg var det heilt greitt for meg å ete pizza eller ta ein øl. Eg fekk ei kjensle av å vere fri. Når du har fridom til å kunne velje, då er du frisk. Når eg kan gå i matvarebutikken og velje det eg vil ha, men samtidig vere oppteken av å få i meg grønsaker og ta vare på seg sjølv – då er eg fri.
Programleiar: Korleis førebygger eg sjølv?
LHK: Mykje handlar om korleis du har det generelt i livet. Det handlar om at du har eit liv der du opplever at verdien din som menneske, sjølvkjensla di, ikkje berre handlar om utsjånaden din, at du opplever at andre menneske er glad i deg uansett, at sjølvkjensla di har fleire bein å stå på. Det er at du har fleire ting i livet som gir deg glede og verdi, og at du har trygge relasjonar til andre menneske. Dersom livet ditt er fylt opp av positive ting, og du kjenner deg trygg på deg sjølv, har du eit veldig godt utgangspunkt. Men sjølv for menneske som har eit godt liv, gode relasjonar og støttande foreldre, kan det vere periodar då du er sårbar for det.
Programleiar: Kan du seie litt om kva slags behandling ein får dersom ein oppsøker hjelp?
LHK: Det kjem an på kva slags liding du har, og kor alvorleg det er. Mange med alvorleg anoreksi kan trenge hjelp med å ta inn næring. For andre, der det ikkje er så alvorleg, kan det handle om ordinær samtaleterapi – kva ein skal gjere med alle dei tankane og vonde kjenslene som ein no treng å regulere bort. Andre gonger er det behov for familierettleiing. Då blir familien involvert, sidan dette tek så stor plass i ein familie, og foreldra får rettleiing i korleis dei kan støtte deg.
Programleiar: Dersom du no som vaksen, Elin, skulle sagt noko til deg sjølv – kva råd ville du ha gitt då?
EH: Eg trur det eg ville ha sagt var at "du treng ikkje gjere kroppen sjuk for å bli teken på alvor". Eg opplevde at eg vart teken meir på alvor om kroppen var sjuk. Så fort eg gjekk opp i vekt, sleppte liksom folk taket på meg. Då vekta gjekk opp, hadde eg det som verst og mista lysta til å leve. Så ille vart det at livsgleda var null, nesten i minus.
Programleiar: Og i dag jobbar du med dette innan noko som heiter ROS. Kva er det?
EH: Det er eit lågterskeltilbod til alle som slit med ei eteforstyrring eller kjenner at dei har vanskar med mat, kropp og vekt. Ein treng ikkje nødvendigvis å ha ei eteforstyrring. Og så hjelper vi pårørande.
Programleiar: Veit ein noko om kjønnsbalansen? Kor mange gutar og jenter slit med eteforstyrringar?
EH: Cirka 94 prosent av dei som tek kontakt med oss, er kvinner. Men eg trur det er mørketal når det gjeld menn. Dei blir ikkje fanga opp den på same måten som det kvinner gjer. Vi blir liksom meir bekymra for ei kvinne enn det vi gjer for ein mann.
Programleiar: Dersom ein tenker at ein har lyst til å ta kontakt med dykk og få sett ord på ting, korleis kan ein gjere det?
EH: Vi har e-post, vi har chat, ein kan ringe til oss, og ein kan òg komme til samtalar. Då er det berre å ta kontakt med eit av kontora våre for å bestille ein samtale.
Programleiar: Kva går mest igjen når folk tek kontakt?
EH: Det er dei som lurer på om dei er sjuke nok. Dei kjenner at dei har det vanskeleg og merkar at mat, kropp og vekt tek kjempestor plass, men kroppen deira er jo ikkje sjuk, for dei er normalvektige. "Legen min har sagt alt er fint, sidan kroppen min ikkje er sjuk." Så kjenner dei likevel at dette tek all plass dei har. "Har eg lov til å få hjelp?" spør dei, og då er svaret mitt eit absolutt ja. Sjølvsagt skal dei få hjelp dersom dei kjenner at mat, kropp og vekt tek så stor plass i livet.
Programleiar: Til slutt: Kva gjer ein dersom ein kjenner at ein har det vanskeleg?
EH: Det viktigaste er å snakke med nokon ein stoler på. Og dersom du kjenner deg klar, kan du jo få ein samtale hos oss i ROS. Gå til fastlegen og få ei tilvising vidare. Då kjem du inn i behandling, og det er vegen å gå. Ta heller tak i det før enn sidan.
Programleiar: Heilt til slutt: Hugs at det finst folk å snakke med, og lenge før du eventuelt skulle bli sjuk, for der blir du teken på alvor med det du tenker på. Ring gjerne Mental Helses hjelpetelefon: 116 123.
For mange er eteforstyrringa ein måte å handtere vanskelege tankar og kjensler, ofte beskrive som angst eller indre uro, på. Dette kan komme til uttrykk gjennom å overete, kaste opp maten, la vere å ete eller trene for mykje. Låg sjølvkjensle og behov for kontroll er ofte underliggande faktorar.
Nokre vanlege teikn på eteforstyrringar
Overinteresse for vekt og kropp
Stress og skyldkjensle etter å ha ete
Vekttap eller vektoppgang
Utvikling av unormale etevanar, som å unngå måltid eller visse mattypar eller ete store mengder mat
Trening som blir prega av stress og tvang
Forakt for eigen kropp, fasong og utsjånad
Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar
Sosial tilbaketrekking
Kvar går grensa?
Overgangen frå det å vere oppteken av rett kosthald og trening til det å utvikle ei eteforstyrring er gjerne glidande og diffus. Det skjer ofte over tid der det som i utgangspunktet skulle vere noko bra for deg, har vorte noko problematisk og destruktivt. Når tankar og kjensler rundt mat og kropp dominerer kvardagen, og/eller når trening blir prega av tvang og ikkje lenger er lysteleg, kan det vere god grunn til bekymring. Under har vi sett opp nokre spørsmål det kan vere greitt å reflektere over:
Bruker du mykje tid på å bekymre deg over kroppsfasong, vekt og korleis du ser ut?
Dominerer tankar på mat og planlegging av måltid store delar av dagen din?
Er du redd for å miste kontroll over kor mykje du et?
Unngår du fleire type matvarer av andre grunnar enn allergi eller intoleranse?
Er kroppsvekta di svært viktig for deg?
Kjenner du deg ofte tjukk?
Er det ubehageleg for deg å ete i sosiale samanhengar?
Blir du stressa eller får dårleg samvit dersom du ikkje får trent når du hadde planlagt?
Bruker du mat eller fråvær av mat til å regulere kjensler?
Føler du ofte stress, skam eller skyld etter at du har ete?
Sjølv om du svarer ja på eitt eller fleire av desse spørsmåla, vil ikkje det seie at du har ei eteforstyrring, men det er gjerne eit teikn på at du treng å snakke med nokon om korleis du har det. Det å få sett ord på tankar og kjensler om dette kan vere avklarande og gi ei større innsikt i eigen situasjon.
Det er viktig å vere klar over at eteforstyrringar i utgangspunktet ikkje har noko med vekt å gjere. Dei fleste som har ei eteforstyrring, er normalvektige eller overvektige, mens nokon er undervektige. Uavhengig av vekt kan ei eteforstyrring ha store konsekvensar, fysisk, psykisk og sosialt, og det er viktig at du får hjelp.
Kven blir ramma?
Den tynne, unge jenta er for mange biletet på ei eteforstyrring. Derfor er det viktig å hugse at dei fleste som har ei eteforstyrring, er normalvektige. Eteforstyrringar rammer både jenter og kvinner og gutar og menn og i alle aldrar, sjølv om dei fleste utviklar ei eteforstyrring i yngre alder. Årsaka til at enkelte utviklar ei eteforstyrring, kan vere svært samansett. Derfor er det vanskeleg å peike på ei konkret forklaring. Nokre faktorar er likevel kjende:
Disponerande faktorar er ei sårbarheit som i møte med utløysande forhold kan resultere i eteforstyrring: arv, traume eller kulturelle forhold som slankepress og skjønnheitsideal.
Utløysande faktorar kan vere store endringar, tap eller konfliktar, mobbing, store prestasjonskrav eller slanking. Visse forhold innan idretten, som krav om spesiell kroppsform eller storleik, eller der tynnleik eller låg kroppsvekt er sentralt, kan òg verke inn.
Vedlikehaldande faktorar kan vere at ein opplever nytte av symptoma, som til dømes kjensle av betre kontroll, oppleving av meistring, demping av indre uro eller døyving av negative kjensler. Andre vedlikehaldande faktorar kan vere familiekonfliktar som er utløyste av eteforstyrringa, eller symptom som er utløyste av feil- eller underernæring. På den måten blir sjukdommen på nokre måtar sjølvforsterkande.
Eteforstyrringa som diagnose
Felles for alle eteforstyrringar er bruken av mat og/eller trening for å meistre kjenslemessige utfordringar. Det er likevel ulike måtar eteforstyrringa kan komme til uttrykk på. Eteforstyrringar blir ofte delte inn i fire hovudgrupper: anoreksi, bulimi, overetingsliding og uspesifiserte eteforstyrringar.
Det er viktig å presisere at diagnosar er meinte som eit medisinsk verktøy, og at mange som har eit problematisk forhold til mat og kropp, ikkje vil kjenne seg igjen i dei "reine" diagnoseformene. Ofte vil ein ha periodar der den eine forma er framståande, mens andre periodar har andre former. Det er ikkje uvanleg å "vandre" mellom dei ulike diagnose eller å ha delar av dei ulike formene på same tid.
Oppgåve 1: Repeter med medelev
Kvifor er det ekstra viktig for ungdom å ete rett og nok mat?
Kvar går grensa mellom det å vere oppteken av kosthald og trening og det å ha ei eteforstyrring? Grunngi svaret.
Oppgåve 2: Individuelt
Kva trur du er årsaka til at nokon bruker mat og trening for å handtere vanskelege kjensler?
Oppgåve 3: Case
Du legg merke til at vennen din har endra seg den siste tida. Hen har byrja å trene veldig mykje og er aldri med på noko sosialt, og du ser hen aldri ete. Kva gjer du? Diskuter med medelev.
Oppgåve 4: Jobb saman i gruppe
Korleis kan de jobbe med psykisk helse i klassen?
Tips: Det kan vere ting de kan seie til kvarandre, eller korleis de skal oppføre dykk mot kvarandre. Eit trygt klassemiljø, aksept og det å bli sett aukar sjølvkjensla.
Start med ein idédugnad i 2 minutt. Skriv på post-it-lappar. Alle på gruppa skriv forslag på kvar sin lapp. Skriv ned alt de kjem på, inga sensurering. Eitt forslag per lapp.
Samle alle lappane. Prøv å sortere dei i kategoriar, bruk to minutt. Fjern lappar som er like. Fjern òg lappar med mindre seriøse og lite konkrete forslag.
Trekk ein av lappane som ligg igjen og diskuter det som står der. Korleis kan de jobbe med dette praktisk? Kva kan de gjere? Må de ha hjelp av andre? Hald fram slik til de står igjen med tre gode forslag.
Del desse tre forslaga med resten av klassen.
Treng du nokon å snakke med?
Mental Helses hjelpetelefon: 116 123. Du kan òg bruke chat.
Kjelder
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.) Anoreksi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/anoreksi/
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.) Bulimi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/bulimi/
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Megareksi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/megareksi/
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Om spiseofrstyrrelser. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/om-spiseforstyrrelser
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Ortoreksi. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/ortoreksi/
ROS – Rådgivning om spiseforstyrrelser. (u.å.). Overspisingslidelse. Henta 30. mars 2022 frå https://nettros.no/fa-kunnskap/overspisingslidelse/