Nøytralisering og pH

Nøytraliseringa
Blandar vi ei syre og ein base, vil desse reagere med kvarandre og danne salt og vatn. Vi blandar saltsyre (HCl) med natronlut (NaOH).
Bland dei berre i sterk fortynning, det er farleg å blande dei i konsentrert form!
Vi får natriumklorid (NaCl, vanleg koksalt) og vatn. Reaksjonen i ioneform skriv vi slik:
Det viktigaste som skjer, er følgjande:
Ved slik nøytralisasjon blir det alltid danna vatn. Det vi får ved sida av vatn, vil vere salt, som blir danna av syrerest-ionet og metall-ionet i basen. Saltet får forskjellig formel, alt etter syre- og baseformelen.
Nøytraliserer vi vassløysningar av syrer og basar med kvarandre, blir det alltid danna salt pluss vatn!
Saltet vil vere oppløyst i ioneform så lenge det er vatn til stades. Dampar vi vatnet bort, vil saltet bli liggjande igjen i fast form.
pH-omgrepet
pH er ei måleeining for surleiksgrad i vassløysningar. Ein nøytral løysning, reint vatn, har ein pH på 7. Løysningar med pH under 7 er sure, dei som har pH over 7, er basiske. Dei fleste stoff har pH mellom 0 og 14, men pH-verdiar under null og over 14 finst.
Når vi skal måle pH i ein løysning, kan vi bruke eit pH-papir. Det er ein papirstrimmel som får forskjellig farge ved ulike pH-verdiar. Ved å samanlikne med ein fargeskala finn ein lett pH-området for den væska ein har undersøkt. Ein atskilleg meir nøyaktig metode er å bruke eit pH-meter. Dette er ein elektrokjemisk målemetode. Prinsippet er å måle forskjell i elektrisk spenning mellom elektrodane og oppløysinga. Denne spenninga vil variere med pH.